Hopp til innhold

Fryktar auka press frå bankane skapar fleire gjeldsoffer i juletida

Reklamen for forbrukslån aukar før jul. Forbrukarombodet er uroa over den aukande lånegjelda. Dei ber finansdepartementet vurdere marknadsføringa for lån og kredittar som kan gjere folk til gjeldsslavar.

julehandel

SKEPTISK: Jo Gjedrem i Forbrukarrådet meiner marknadsføringa av kredittar no før jul er urovekkande.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I alt er det 220 bankar eller finansieringsføretak som tilbyr kredittkort i Norge. Stadig fleire vert gjeldsslavar og klarer ikkje å betale tilbake det dei skuldar.

– Det er ei aukande gruppe som får problem med dette, og det må vi ta på alvor. Vi meiner å ha sett ein tendens til at marknadsføring av kreditt blir stadig meir påtrengande og har ein stadig meir direkte bodskap, seier Jo Gjedrem, fagdirektør i Forbrukarrådet.

– Vil vere etiske

Nokre har 20 kredittkort for å betale på avdrag og lån. Arvid Andenæs sit i styret i Finans Norge, hovudorganisasjonen for finansnæringa i Norge.

– Vi ønskjer som næring å vere etiske og halde oss til moralske normer på skikkeleg vis. Det vil eg påstå at dei som er medlemer i Finans Norge står fram som ryddige. Vi er opptekne av stå fram som ei god næring som er opptekne av å hjelpe folk, og ikkje ei næring som utnyttar folk i ein sårbar situasjon, slår Andenæs fast.

Det er svært mange utanlandske aktørar som tilbyr forbrukslån. Dei gjev deg lån på timen, opp mot 50 000 kroner kan kome rett på kontoen din utan at du har noko form for økonomisk tryggleik å vise til. Men også norske bankar har ulike kredittkort å tilby.

Ønskjer nye reglar

– Reglane i dag er at dei må gje opp prisopplysningar og at marknadsføringa ikkje skal vere villeiande. Vi ønskjer oss reglar som også kan ta den meir aggressive delen av marknadsføringa og avgrense det generelle presset, seier Gjedrem i Forbrukarrådet.

Han meiner at når ein fokuserer på at kreditten kan gjevast veldig hurtig, så kan det appellere til dei som er i ein vanskeleg situasjon. Og ofte er det inkassobransjen som blir sitjande att med kundane etter at festen er over.

Vil ha gjeldsregister

– Vi gjev jo kredittkort, det er jo det vi tilrår mest når det gjeld forbrukslån. Då får ein 45 dagar gratis kreditt, under føresetnad av at ein betalar tilbake innan desse 45 dagane, seier Marit E. Giske kommunikasjonsrådgjevar i DNB.

– Men er det uetisk å gje slike kredittar?

– Nei, det er eg ikkje med på. Men vi skulle gjerne hatt eit gjeldsregister, slik at vi kunne gjere betre og grundigare kredittvurderingar.