NRK Meny
Normal

Widerøe aukar kapasiteten for å få kraftpluggane til Førde

Widerøe er budd på ekstra mange reisande i samband med EM i vektløfting. Difor aukar dei kapasiteten både til Florø og Førde.

Florø lufthamn

I BRUK: Passasjerar som ikkje kjem seg til Førde med fly, kan bli sendt til kystbyen Florø dei kommande dagane. Her vil Widerøe sette inn større fly på grunn av EM.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det er venta utfordringar når den eine vektløftaren etter den andre, samt publikum, skal komme seg til EM i vektløfting i Førde.

Arrangørane ventar kring 400 deltakarar. Dei budde tidleg Widerøe på utfordringane.

– Vi har spesielt sett på returdagen 17. april. Då har vi sett inn to ekstra flyavgangar frå Førde til Oslo. I tillegg har vi moglegheit til å bruke ein større flytype på Florø denne perioden, seier informasjonssjef Catharina Solli.

Dermed kan 50-setaren bli meir vanleg over kystbyen dei neste tida. Solli seier dei allereie no merkar stor pågang på avgangane til dei to flyplassane i Sunnfjord.

– Flya er fullbooka stort sett kvar einaste dag, men som sagt skal vi fly meir med 50-setar fly inn og ut av Florø både før og under meisterskapen, seier ho.

– Er det tal passasjerar, eller vekta som gir dykk utfordringar?

– Kalkylen på passasjerane er eit snitt, og store sterke karar og kvinner veg meir enn snittet. Men vi har tøffe «fuglar» som skal tole litt over snittet.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.