Hopp til innhold

Aukar ikkje oljeberedskapen

Oljen kan komme i land i morgon, likevel aukar ikkje det lokale oljevernet i fylket beredskapen.

Oljelekkasjen
Foto: Kystverket / SCANPIX

Nesten 4000 tonn råolje lak ut i samband med lasting frå Statfjord A-plattforma, som ligg kring 160 kilometer vest for Sogn og Fjordane. Dette er det nest verste oljeutsleppet i Nordsjøen nokon gong.

Usikkert

Det er usikkert kor tid og om oljen vil nå land, men ifølgje dei siste prognosane i går kveld, vil oljen truleg flyte vidare nordover, og vil ikkje råke Vestlandskysten i det heile. Leiar for det statlege oljeverndepotet, Eivind Ask, avventar situasjonen.

- Sannsynligheten er stor for at olejn ikkje vil treffe oss i det heile. Det skal og seiast at oljen er lett, og vil fordampe mykje, seier Ask.

- Avventar

- Foreløpig gjer vi ingenting. Vi har dialog med Kystverket som leier dette, og både det statlege og det interkommunale oljeverndepotet ligg på vent og får vite utviklinga direkte frå Kystverket, legg han til.

Han seier situasjonen må endre seg om dei skal gripe inn.

- Først og fremst må oljen ta retning mot land og true området innanfor vårt dekningsområde. Per no ser det ikkje ut til å gjere det, seier han.