Hopp til innhold

Auka snøskredfare

Statens vegvesen har sendt ut varsel om at det er fare for våte flakskred, våte laussnøskred og glideskred. Årsaka er mildvêret som er i gong fleire stader, med høge temperaturar og mykje sol. Varsom.no melder måndag om faregrad 3 i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.