Hopp til innhold

Auka interesse for fyret

Ein omtale i den britiske storavisa The Guardian har ført til meir merksemd kring Kråkenes fyr i Vågsøy, skriv Fjordenes Tidende. Avisa kåra nyleg turistattraksjonen til ein av dei tjue beste feriedestinasjonane i Norden. – Det er alltid spanande å sjå umiddelbar samanheng med reportasjar og respons etterpå, seier Bettina Vick, som driv fyret, til avisa.

Kråkenes fyr i storm
Foto: Merete Høidal / NRK