Hopp til innhold

Auka brannfare i Sogn

Brannfaren aukar i Sogn. Meteorologisk institutt melder om høgste nivået for skogbrannfare i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Og faren aukar endå meir tysdag. Brannsjef Vidar Trettenes oppmodar folk til å vise aktsemd. – Unngå bålbrenning når det er så tørt som det er no, seier han.