Hopp til innhold

Samanslåinga med Volda kan lage vanskar for næringslivet i Hornindal

Hornindal har i dag lågare arbeidsgjevaravgift enn Volda. Kva som skjer når dei to kommunane slår seg saman, er ikkje avklara, men får Hornindal Volda-takst, vil dette føre til over 1 million kroner i auka utgifter for Ekornes Grodås.

Ekornes Grodås

KAN KOSTE MYKJE: Samanslåinga kan koste Ekornes Grodås over 1 million kroner.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi er ein konkurranseutsett industri, og det er veldig fokus på kostnadar. Det vil bli ei utfordring for oss.

Det fortel dagleg leiar ved Ekornes Grodås, Knut Ove Rygg.

Det kan bli dyrt for næringslivet i Hornindal når kommunen blir slått saman med Volda kommune frå år 2020.

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift inneber at enkelte kommunar har lågare satsar. Hornindal kommune er ein av desse. Der er satsen på 10,6 prosent. I Volda har er den 14,1 prosent. Det vil ikkje skje endringar over natta ved kommunesamanslåinga, men regjeringa har varsla at det blir endringar for Hornindal frå 2021, og Ekornes trur dei vil tape pengar.

Er førebudd på endringa

Meirkostnaden på totalt 1,1 millionar kroner blir tung for Ekornes Grodås.

Knut Ove Rygg

SKAPAR VANSKAR: Knut Ove Rygg kan måtte rekne med ei større arbeidsgivaravgift etter samanslåinga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi må jobbe hardt kvar dag for å vere konkurransedyktige under dei rådande vilkåra vi har, seier dagleg leiar Rygg.

Var dykk klar over det her då det vart gjort ei avtale med Volda?

– Ja, vi gjorde ei raks berekning i forkant, og vi har vore klar over det ei stund. Eg har fått spørsmål får enkelte folkevalde, så eg trur dei har vore oppmerksame på temaet.

Lødemel sit førebels stille

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, fortel at dei ikkje har gjort noko for å halde på den låge arbeidsgivaravgifta.

– Det har vore eit tema ved nokre høve, men vi har ikkje gjort noko aktivt. Vi visste at det var forskjell på avgifta, vi veit og at det er endringar på gong i 2021. Det er ikkje nokon som veit kva resultatet blir.

Stig Olav Lødemel

VIL HA BEST MOGLEG KONKURRANSEVILKÅR: Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

Foto: Trond Vestre / NRK

For arbeidsgivaravgifta skal gjennomgåast i 2021, uavhengig av kommunereforma, fortel Lødemel.

– Vi registrerer at det er høgare arbeidsgivaravgift på Møre-sida, og det er noko vi må diskutere. Vi vil ha best mogleg konkurransevilkår for våre bedrifter.

Lødemel nektar for at skilnaden i arbeidsgivaravgifta kjem overraskande på politikarane. Han trur heller ikkje at det vil komme fleire negative konsekvensar ved samanslåinga.

– Eg håpar at kommunestyret har gjort eit rett val. Det vil tida vise, men det er ikkje noko som tyder på uoppdaga skjer i sjøen, fortel ordføraren.