Hopp til innhold

«Eg skal ikkje berre overleve, eg har faktisk tenkt å leve også»

For fire år sidan var Torbjørn Vereide ein av AUF-ungdomane som opplevde og overlevde massakren på Utøya. No har han vald å gå vidare med livet.

Torbjørn Vereide på 22. juli 2015

GJEKK VIDARE: Torbjørn Vereide opplevde å miste vener og kjende i terroraksjonane for fire år sidan. Han føler at han har klart å kome seg ut av sorga.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Eg hadde tenkt å fortelje at eg ikkje kjende det så masse på kroppen, men sanninga er når eg les det mange av mine vener og familie skriv og når eg tenker at det faktisk er dagen, så blir eg påverka.

Det seier Torbjørn Vereide til NRK, på dagen fire år etter massakren på Utøya. Ungdomspolitikaren og gründeren frå Sandane er i Bergen denne dagen. Han har bevisst vald å ikkje reise til Oslo for å delta i minnemarkeringane der.

– Eg har vel tenkt at eg skal kose meg, prøve å gjere noko triveleg, og trass i at det er vanskeleg, så vil eg prøve å kome meg litt vekk frå hendingane, seier Vereide.

Verst dei to første åra

I dag er det fire år sidan terrorangrepa på Utøya og i Regjeringskvartalet der 77 menneske blei drepne. Vereide tykkjer dei to første åra var vanskelegast å takle.

– Då sleit eg veldig med konsentrasjon og det var litt vanskeleg å henge med i kvardagen. Men heldigvis så blei det betre og betre, eg kjende etter kvart at eg kunne gå vekk frå å vere "Utøya-Torbjørn" til å gå vidare med mine eigne draumar og mine eigne prosjekt.

Vil gå framover

Den kreative 26-åringen meiner at for han har det vore viktig å få fjerna merkelappen som ein av dei som var på Utøya.

– Eg skal ikkje berre overleve, eg har faktisk tenkt å leve også. Det er så mange moglegheiter og eg har ikkje tenkt å berre sjå bakover i tida. Eg har lyst å sjå og gå framover, seier Vereide.

Klar for ny valkamp

Han har mellom anna vore fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane dei siste fire åra, no gler han seg til ein ny valkamp til hausten. Men tankane om det som skjedde 22. juli 2011 vil vere der alltid.

– Eg føler det vemodig, på mange måtar så kjenner eg på kroppen at det sit i framleis. Det er sakn og undring. Det er framleis ein del kjensler som eg ikkje har klart å sortere ut.

Torbjørn Vereide frå Sandane si sterke historie frå Utøya har gått verda over. Først då han fortalde om si oppleving gjekk det opp for mange kva som faktisk hadde skjedd. No er han tilbake hos familien på Sandane, men slit med å sova om natta.

OVERLEVDE UTØYA: Torbjørn Vereide intervjua i juli 2011 etter massakren på Utøya.