Hopp til innhold

AUF ofra tredjeplassen

I ei årrekke har AUF i Sogn og Fjordane kjempa for meir innflytelse i partiet. I år kunne dei fått tredjeplassen på Ap- lista til Stortingsvalet, det takka dei nei til.

Torbjørn Vereide

GAV FRÅ SEG TREDJEPLASSEN: AUF-kandidat Torbjørn Vereide

Foto: Christian Blom / NRK

– Det var sikkert dei som vart skuffa då dei fekk vite om det, men har eg gjort det med «kalde føter og eit varm hjarte», og eg håpar dei har tillit til det valet eg har gjort, seier Vereide.

Ungdomskandidaten hadde denne gongen ein gyllen sjanse til å få ein i alle fall symbolsk viktig tredjeplass. Men Vereide ville heller gi den til Helge Robert Midbø frå Førde, som i utgangspunktet vart innstilt på femteplass.

– Framover må vi gjere det godt både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Og kanskje ikkje minst i Sunnfjord, der det største valpotensialet ligg. Difor var det viktig for meg å få fram ein tydleg kandidat frå Sunnfjord på tredjeplassen, seier Vereide.

Imponert over AUF

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet Hilmar Høl seier etter nominasjonsmøtet at han er imponert over ungdomspolitikarane sin vilje til å tenke mest på kva som er best for partiet.

– Dei tar her ei rolle der dei tenker lenger enn seg sjølve, og tenker på partiet sitt beste. All ære til ungdommane som gjer noko slikt, seier Høl.

Hilmar Høl

TO PÅ TINGET: Fylkesleiar Hilmar Høl er andrekandidat på Stortingslista til Arbeidarpartiet

Foto: Christian Blom / NRK

– Men samstundes kastar dei vrak på ei plassering dei har kjempa lenge for?

– Det kan du godt seie, men samstundes er dei så opptekne av at Arbeidarpartiet skal gjere eit godt val.

Ingrid og Hilmar

Etter nominasjonen er det klart at noverande Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Høyanger er førstekandidat for Arbeidarpartiet. Hilmar Høl frå Årdal står som nummer to medan Helge Robert Midtbø frå Førde rykker opp frå femte til tredjeplass. Kristin Maurstad frå Vågsøy står som nummer fire.

– Eg er svært godt nøgd med lista, ikkje minst med tanke på den fordelinga som vi no har fått mellom fogderia. Vi aktar å gå til val og få to på tinget med denne lista, seier Høl.