Hopp til innhold

Har meir enn dobla medlemstalet på to år

Sogn og Fjordane AUF har gått frå 190 medlemer i 2014 til 458 medlemer i fjor. – Eg opplever at ungdomane er blitt meir engasjerte, seier fylkesleiar Reidar Fugle Nordhaug.

Henrik Thorsnes Lefdal, Main Hussaini og Reidar Fugle Nordhaug

GJENNOMSLAG: Fylkesstyremedlem Henrik Thorsnes Lefdal (t.v.) og fylkesleiar Reidar Fugle Nordhaug (t.h.) er nøgde med at mange ser politikken til AUF som eit alternativ til den blåblå regjeringa. Mani Hussaini (i midten) er leiar i AUF.

Foto: AUF

Fylkesleiaren i AUF er godt nøgd med ein medlemsauke på 141 prosent på to år.

Reidar Fugle Nordhaug trur dei nye fråværsgrensa i den vidaregåande skulen er ei av sakene som har lokka fram det politiske engasjementet i ungdomane.

– Det merkar vi når vi snakkar med folk. Mange er frustrerte og kjenner seg veldig overkøyrde, og deler vårt syn om at dette går ut over dei svakaste elevane. Heile elevrørsla går i mot, men likevel durar regjeringa på, seier han.

Regionreform

Arbeidarpartiet sitt ungdomsparti har aldri vore større enn dei er i dag. Dei er også det desidert største ungdomspartiet i fylket.

Utanom fråværsgrensa, har fylkesleiaren inntrykk av at også regionreforma engasjerer.

–Veldig mange er uroa for framtida til fylket. Vi ser rekordkutt til Sogn og Fjordane, noko som igjen fører til kutt i skule- og busstilbod. No vil regjeringa også presse fram ei regionreform som syter for at Sogn og Fjordane ikkje blir eige fylke, seier Nordhaug.

– Mange er uroa

– Mange er uroa for framtida og korleis det blir å leve i fjordfylket i åra som kjem, legg han til.

NRK har prøvd å få ei oversikt om korleis stoda i dei andre ungdomspartia er. Vi har så langt ikkje lukkast å få kontakt med verken FpU eller Unge Høgre.

Ann Kristin Sundal i Unge Venstre fortel at dei har hatt stabile medlemstal siste åra. Senterungdomen har gått frå 145 ved utgangen av 2014 til 158 på same tid i fjor. Ved utgangen av 2015 hadde dei 164 medlemer.

Nordhaug trur ungdom er meir engasjerte enn for to-tre år sidan.

– Eg trur fleire ungdomar ser viktigheita av å engasjere seg i Sogn og Fjordane. Også dei andre ungdomspartia, som eg har snakka med, merkar auke i engasjert ungdom, seier han.

Når ut til fleire

Nordhaug meiner det rekordhøge medlemstalet gir ungdomspartiet større gjennomslagskraft i Arbeidarpartiet.

Han tykkjer det er inspirerande, ikkje minst å sjå at stadig fleire ungdomar finn fram til partiet på eiga hand.

– Vi ynskjer at så mange ungdom som mogleg skal få ein sjanse til å engasjere seg politisk, og det er inspirerande å sjå at vi når ut til stadig fleire, seier han.