NRK Meny
Normal

AUF-ar skuffa over valdeltakinga

Torbjørn Vereide overlevde Utøya-massakren og skulle så gjerne ha sett at folk engasjerte seg for demokratiet. Difor er AUF-aren skuffa over valdeltakinga.

Torbjørn Vereide

SKUFFA: Torbjørn Vereide skulle ønskje at fleire stemde ved årets val.

Foto: Rune Fossum / NRK

For sjølv om valdeltakinga på fylkestingsvalet gjekk ørlite opp, er det framleis nær 40 prosent av veljarane i Sogn og Fjordane som ikkje stemte ved årets val.

Etter massakren på Utøya har det vore eit unisont ønske om høg valdeltaking, men auken er liten.

Hadde håpa på over 70 prosent

På landsbasis er snittet 62,6 prosent oppslutnad i dette valet, noko som er ein framgang på 0,9 prosentpoeng frå valet i 2007.

Torbjørn Vereide som overlevde den grufulle terrorhandlinga , er skuffa over at ikkje fleire ville vere med å støtte opp om demokratiet. 5. kandidaten til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane seier håpet var ei valdeltaking på over 70 prosent.

– Vi hadde håpa at fleire skulle gå til valurnene og seie kva dei meiner. Valdagen er den gongen vanlege folk kan seie kva dei meiner, seier han.

Vil ha endå fleire opp frå sofaen

Snittet for kommunevalet i Sogn og Fjordane var på 66,5, mot 63,5 i 2007. Når det gjeld fylkestingsvalet, enda valdeltakinga på 61,7, mot 59,8 i førre val.

Vereide er utruleg glad for dei stemmene som har kome inn, men seier at no må politikarane bli flinkare å mobilisere.

– Det er vårt ansvar som politikarar å sørgje for at folk blir engasjerte og bryr seg om sakene vi kjempar for. Tidlegare år har vi fokusert på å få folk ut av den raude sofaen. I år har eg hatt eit sterkt bodskap at uansett farge på sofaen, så må dei komme seg opp og fortelje kva dei meiner.

Valdeltakinga i Sogn og Fjordane

 

2011

2007

Fylkestingsvalet

61.7

59.8

Snitt for kommunevalet

66.5

63.5

Askvoll

66.1

66.7

Aurland

70.2

65.3

Balestrand

72.2

69.3

Bremanger

64.9

65.1

Eid

71.4

64.2

Fjaler

65.1

65.3

Flora

64.8

57.5

Førde

62.7

57.1

Gaular

67.8

69.9

Gloppen

70.1

69.2

Gulen

75.7

69.1

Hornindal

75.2

74.4

Hyllestad

61.4

60.3

Høyanger

65

63.7

Jølster

69.8

65.1

Leikanger

74.4

69.9

Luster

73.1

70

Lærdal

69.9

66.8

Naustdal

72.1

67.8

Selje

59.9

61

Sogndal

67.6

66.3

Solund

68.8

69

Stryn

61.9

61.7

Vik

65.8

62.6

Vågsøy

62.4

58.4

Årdal

64.9

60.5

Tala for dei 26 kommunane gjeld deltakinga i kommunevalet

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy