Hopp til innhold

Audmjuk kandidat til Årets eldsjel

I 22 år har Atle Steinar Solheim vore leiar for Selje idrettslag. No er han Sogn og Fjordane sin kandidat til prisen Årets eldsjel som blir delt ut på Idrettsgallaen i januar.

Solheim

BARN OG UNGE. Kandidaten frå Sogn og Fjordane har vore med å sørga for sports- og kulturtilbodet til barn og unge i mange år.

Foto: Stig Høynes

– Eg vil ikkje ta æra åleine. Det står eit fantastisk idrettslag bak meg og støttar meg og det er på grunn av alle dei fine folka at eg kan få ein slik nominasjon, seier Solheim.

Audmjukheita er til å ta og føle på når vi intervjuar den ferske kandidaten til Årets eldsjel 2017.

Blant 19 kandidatar frå fylka i landet, er Solheim årets kandidat frå Sogn og Fjordane. Det er berre få dagar sidan han fekk den gode nyheita og sjølv vart han svært overraska då det plutseleg rann inn med gratulasjonar.

– Eg blei litt sjokkert då eg fekk vite dette. Eg fekk vite dette tilfeldig av ein som hadde lest namnet mitt på lista over nominerte, fortel han.

Sogn og Fjordane Idrettskrins skriv at i grunngjevinga til juryen står det blant anna at noko av det som kjenneteiknar Solheim som klubbleiar er at han tek ansvar, er vedtaksdyktig, tydeleg og uredd.

Solheim

TAKKETALE. Solheim har ikkje turt å byrje på ei takketale heilt enno.

Foto: Stig Høynes

Har blitt lagt merke til før

Det er ikkje første gong Solheim sitt arbeid for idrettslaget har vorte lagt merke til. Allereie i 1999 fekk han Idrettsprisen til Selje kommune og i 2004 fekk han Kulturprisen. For fire år sidan fekk han tildelt sølvmedalje i Union of European Football Associations (UEFA) si kåring av Årets Grasrotleiar.

Men noko takketale denne gongen har han ikkje førebudd.

– Det er veldig mange flinke nominerte og eg har ikkje rukke å tenkte tanke på å vinne ein gong, flirer han.

Han har lagt ned tusenvis av timar for Selje Idrettslag og Solheim vil gjerne rose laget for den sterke dugnadsviljen.

– Det krevst fleire enn berre ei eldsjel for å drive eit idrettslag og det er på grunn av alle som ikkje har vore redde for å ta i eit tak at eg kan vere så engasjert. Det er ikkje vanskeleg å legge inn alle dei timane eg har lagt ned når ein har så mange andre flinke folk rundt seg.

19 kandidatar skal bli til fem

Neste veke skal 19 kandidatar bli til fem finalistar. Den stjernespekka juryen som skal dele ut prisen er Kjetil André Aamodt, Ole Gunnar Solskjær, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Helene Olafsen, Are Strandli, Birgit Skarstein og Marit Roland Udnæs.

– Eg har inga aning om kven som melde meg på dette slik at eg vart nominert, men det er godt å vite at arbeidet eg har gjer blir lagt merke til, avsluttar Solheim.

Idrettsgallaen kan du sjå direkte på NRK1 frå Hamar OL-Amfi 7. januar 2017.