Statsadvokaten vurderer no saka for tredje gong, etter at familien til Beheim Karlsen har klaga på tidlegare tiltalebeslutningar. Drapssiktinga er for lengst lagt bort, og håpet til familien er at dei to tiltalte 19-åringane frå Naustdal også kan tiltalast etter rasismeparagrafen, i tillegg til den noverande tiltalen for vald og truslar.
Det er Holmlia-drapet, der 15 år gamle Benjamin Hermansen blei drepen av nynazistar som er opptakten til brevet riksadvokaten har sendt ut til alle domstolane. Her blir dei oppmoda om å stramme inn praksisen av rasismeparagrafen, som har ført til svært få domfellingar sidan den blei innført for 30 år sidan. Beheim Karlsen-familien sin bistandsadvokat, Gunnar Solbraa, meiner dette knyter seg direkte til hans sak
-Parallellane til Holmlia synest tydelege, men det må ikkje føre til ei lynsjestemning, meiner Storberget.