Hopp til innhold

Åtvarar turgåarar mot å trasse farane i fjellet

Det er høgsesong for turgåing i norske fjellheimar, men det utfordrande vêret kan få fatale konsekvensar for dei som ikkje kjem førebudde.

Fotturister ved Eidavatn i Ryfylkeheiene

GRÅ SOMMAR: I likskap med 2017, har det vore mange grå sommardagar på Vestlandet i år.

Foto: Preben Falck, Stavanger turistforening

– Vêret er meir ekstremt enn det var før, og det set enda meir krav til folk som skal ferdast i fjellet, seier André Marton Pedersen, frå Bergen og Hordaland Turlag.

Snø på Dyranut på fv. 7 2. juli 2019

SNØ I JULI: Det snør ved fleire fjellovergangar på Vestlandet denne veka. Dette biletet er teke på Dyranut, på Hardangervidda.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

Auka interesse

Hittil i år har godvêret latt vente på seg i store delar av landet. Men kalde temperaturar over store delar av landet har ikkje påverka interessa blant turgåarar.

– På landsbasis vert det meldt om fleire folk enn vanleg, seier Pedersen.

André Marton Pedersen

MERKBAR INTERESSE: André Marton Pedersen seier at interessa for turgåing i norske fjellheimar har auka sidan i fjor.

Foto: André Marton Pedersen

I fjor sommar viste NRK minutt for minutt-sendingar med Lars Monsen som vandra gjennom norske fjellheimar. Med fantastiske vêrforhold viste det norske fjell-landskapet seg frå si beste side under sendingane. Pedersen trur dette kan vere ein av grunnane til den auka interessa.

– Det å få vist fram dei flotte hyttene og stiane i Noreg var fantastisk, og me fekk ei fin merksemd rundt det, seier han.

Monsen minutt for minutt

IDYLL: Monsen fekk fantastiske turforhold då han gjekk Noreg på langs i fjor sommar.

Foto: Thomas Hellum / NRK

I år er forholda ikkje heilt dei same.

Denne veka er det meldt snø ved i fjellet, og ved fleire populære turområde på Vestlandet. Bilvegen over Sognefjellet vil verte stengd natt til onsdag på grunn av fare for snø.

Oppfordrar til varsemd

Som eit resultat av det utfordrande vêret, er det ikkje alle plassar der det er like trygt å ferdast. Pedersen håpar at turistar tenkjer seg om ein gong eller to, når dei skal velje fjellrute.

– Me er opptatt av at turistar skal velje tur etter evne og kle seg etter forholda.

Han meiner det er viktig å hugse å ikkje undervurdere vêr og trasé.

– Sjølv om det er juli så snur vêret raskt i fjellet. No er det også meldt snø og det er noko turgåarar må ta omsyn til.


Fryktar liv kan gå tapt

Landsrådsleiar i Røde Kors hjelpekors, Kjersti Løvik, stadfestar at det har vore ei auke måte i talet på turgåarar og redningsoppdrag dei siste åra. Ho er bekymra for at turgåarar ikkje er klar over utfordringane som fjellet kan by på, når vêret plutseleg endrar seg.

– Me har ein god del aksjonar og henteoppdrag etter folk som vert overraska over at vêret endrar seg, og ikkje har med seg nok utstyr. Man trur gjerne det er ein grei sommardag, men så er det plutseleg fem gradar og tåke.

Kjersti Løvik NorgesRøde Kors

BEKYMRA: Kjersti Løvik frå Røde Kors håpar turgåarar har med seg nok utstyr i fjellet.

Foto: Røde Kors


Løvik meiner det er viktig å hugse på at fjoråret ikkje er målestokken for ein vanleg sommar, og håpar folk forbereder seg på utfordringane årets klima kan by på,

– Me har opplevd nokre merkelege naturfenomen i år, som bølgja på vestlandet i går. Snø og tåke kjem plutseleg under slike vêrforhold. Eg håpar eg alle les fjellvettreglane og er førebudd på kva som kan skje.

Redningshelikopter ved Snøhetta.

FRYKTAR MANGE BERGINGSAKSJONAR: Løvik fryktar det kan bli ein travel sommar. Biletet er frå ein bergingsaksjon ved Snøhetta i 2015.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Landsrådsleiaren er redd for det fort kan verte ein hektisk sommar for bergingsmannskap i dei norske fjellheimane.

– Me får berre håpe turgåarar førebur seg godt til turane sine i sommar. Gjer dei ikkje det kan fort konsekvensane kan verte fatale. I verste fall vil liv gå tapt.