NRK Meny
Normal

Åtvarar om stor grasbrannfare

Vêrvarslinga på Vestlandet åtvarar no om stor gras- og lyngbrannfare dei komande dagane.

Stor grasbrannfare

STOR GRASBRANNFARE: Finvêret dei siste dagane har ført til at det er svært turt i låglandet på heile Vestlandet.

Foto: SKJERMDUMP FRÅ YR.no

– Vi har hatt svært fint vêr i mange dagar og det kjem til å halde seg også ut over i veka. Det har ført til at det er blitt svært tur mange stader. Det seier Geir Ottar Fagerlid som er Statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Meteorologisk institutt har no i samråd med brannvesenet gått med såkalla Obs-varsel om lokalt stor gras og lyngbrannfare i låglandet på Vestlandet.

– Til no denne helga så har vi hatt grasbrannar her i Sogn og Fjordane som har kome ut av kontroll.

Det seier vakthavande Frode Korneliussen ved alarmsentralen i Florø, når NRK.no snakkar med han sundag ettermiddag.

Kysten mest utsett

Geir Ottar Fagerlid

BER FOLK VENTE MED BRÅTEBRENNING: Statsmeteorolog Geir Ottar Fargerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

–Vi har mykje turr vegetasjon no på våren, kombinert med det fine vêret vi har hatt no og vind så er faren for at ein brann skal kome ut av kontroll stor. Faren er no størst låglandet der ikkje er snø og størt på kyst kysten der ein har mest vind, seier Fagerlid.

Først mot neste helg er det venta at nedbøren kan kome tilbake, og mange kan nok la seg freiste til å hente fram grillen eller brenne hageavfall. Hageavfallet ser både meteorologisk og brannvesenet at ein ventar med.

– Folk må tenke seg svært godt om før dei set fyr på gras eller lyng, seier Korneliussen.

– Men det er ikkje innført forbod mot open eld, slik ein gjorde etter storbrannen i Lærdal i januar, då det også var svært turt?

– Nei meg bekjent så har ikkje nokon kommunar gjort det. Men her på alarmsentralen så vil vi likevel oppmode folk om tenke seg nøye om, med tanke på vindretning og kor turt er, før dei set fyr på noko.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå