Hopp til innhold

Åtvarar mot svært glatt veg på riksveg 5

Statens vegvesen ber bilistar vert obs på at strekninga Langedal-Knapstad, på riksveg 5 mellom Førde og Florø, kan vere ekstremt glatt når det kjem nedbør.

Glatt veg på riksveg 5

BLIR SÅPEGLATT: I kombinasjon med nedbør, syner det seg at asfalten på ei strekning mellom Florø og Førde vert såpeglatt.

Foto: Statens vegvesen

Under asfaltering av strekninga mellom Førde og Florø har det vorte nokre blødingar i dekket.

– Det vil seie at olja kjem opp til overflata og dannar tette parti som vil vere svært glatte når det vert nedbør, opplyser Arne Magnar Hauglund i Statens vegvesen.

Det er spesielt når det kjem nedbør på asfalten at det vert svært glatt. Dette er gale nok for bilar, men ekstra skummelt for køyretøy med berre to hjul.

– Spesielt for motorsyklar er det farleg, seier Hauglund.

Skal måle friksjon neste veke

Vegvesenet har entreprenørar i gang med å frese toppen av dekket i dag, for å få opp att friksjonen. Det er skilta med glatt veg på strekninga.

– Hadde dette skjedd medan det framleis var piggdekksesong, hadde det ikkje vore noko stort problem. Men no har jo folk teke av piggdekka, seier Hauglund.

Statens vegvesen kjem til å måle friksjonen på strekninga tidleg neste veke. I mellomtida ber dei trafikantar, og særskilt motorsyklistar, om å køyre roleg på strekninga.