Hopp til innhold

Åtvarar mot å ta for store sjansar

Bonde Vidar Sandal og den erfarne fjellklatraren Sigurd Felde berga i dag fire skårfaste geiter i Våtedalen. No åtvarar dei næringa mot å ta for store sjansar i redningsaksjonar.

redningsaksjon geiter våtedalen

ERFAREN: Fjellklatrar Sigurd Felde og bonde Vidar Sandal forsøker å redde dei fire geitene, og åtvarar samtidig næringa mot å risikere liv i slike redningsaksjonar.

Foto: Sigurd Felde

«Alle geitene lever og er i god behald. Har fått seg ei god blanding av opplevingar, frå skrekkblanda fryd til stor glede og over nytt grønt gras», skriv Sigurd Felde i ein sms etter redningsaksjonen.

På spørsmål om korleis klatrarane opplevde det er svaret følgjande: «Tilfredsstillande og moro. Klatrar imponert over bonde, og bonde imponert over klatrar!»

Fast i fem dagar

Geitene har stått der i fem dagar, og står bom fast. Dyra har til no hatt nok mat i området der dei står.

– Det er ikkje så høgt oppe i terrenget. Men dei står på ein hammar og kjem ikkje i retur. Det byrjar å bli litt mindre mat, så no tek vi ei økt og forsøker å få dei laus, seier Vidar Sandal før redningsaksjonen.

Han klatrar saman med fjellklatrar Sigurd Felde. Det er bratt i området, og dei to må klatre opp og kome ned til geitene ovanfrå.

Fare for at dyra hoppar

redningsaksjon geiter våtedalen

HOPPE: Det er alltid ein fare for at dyra hoppar eller fell utanfor kanten når dei er skårfaste, seier Vidar Sandal. Den erfarne fjellklatraren Sigurd Felde er med på redningsaksjonen.

Sandal trur redningsaksjonen vil gå bra, men er likevel spent.

– Det er alltid spanande når ein skal inn i terrenget og forsøke å få levande dyr lause.

For han fortel at dyra kan verte skremde i eit smalt og lite område.

– Ein har jo opplevd før at dyr har gått seg rett utfor, hoppa ut og slått seg i hel. Ein skal ha all respekt for fjellet, og ta det med ro og vere forsiktig.

– Vi må ikkje risikere liv og helse

Sandal oppmodar heile næringa til å vere forsiktige i tida som kjem.

– Det er viktig at vi har eit apparat rundt oss med litt meir profesjonelle klatrarar. No går det mot haust og utfordringane står på rad og rekke. Dyra går seg meir og meir inn i skar som dei ikkje har gått i tidlegare.

geiter skårfaste våtedalen

FORSIKTIGE: Med sikring og med ein erfaren klatrar ved si side skal Vidar Sandal redde geitene som er skårfaste i Våtedalen.

Foto: Privat

Sjølv har han med seg Sigurd Felde, som har fleire av dei tøffaste fjella i verda på klatresamvitet.

– Det er viktig å ha med seg litt kyndige folk på slike stader, slik at saue- og geitenæringa ikkje risikerer liv og helse i slike redningsaksjonar, seier Sandal.

– Ein må ikkje rushe inn i eit område, men vente til erfarne folk har tid til å vere med. Ein må tenke på tryggleik i første omgang, seier han.

Geiter skårfaste Våtedalen
Foto: Vidar Sandal