Hopp til innhold

No aukar faren for fleire jordras, åtvarar NVE

Sannsynlegheita for fleire jordras aukar, åtvarar NVE. I morgontimane gjekk eit stort ras i Luster som feia med seg uthus og sauer.

Ras i Jostedalen

ÅTVARAR: Beredskapen til NVE er auka etter at det i dag tidleg gjekk eit jordras i Luster.

Foto: Tom Kreken

– Vi er ikkje redde for at det skal komme fleire ras på rasstaden i Luster, det kan like godt skje ein heilt annan stad, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

I morgontimane i dag gjekk eit jordras i Luster som feia med seg fleire uthus og sauene som stod i raset vart kasta til alle kantar fortel bonde Ove Baggetun.

– Det byrja å løyse stein frå toppen, så raste heile fjellsida. Då kasta sauene i alle retningar, seier han.

Brigt Samdal

UROA: Brigt Samdal i NVE har allereie sendt mannskap ut for å betre beredskapen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ventar fleire ras

NVE har oppgradert jord- og rasfaren til gult nivå som betyr at ein kan vente at det kan komme jordskred.

– Vi har varsla faregrad gult. Det betyr at det kan komme fleire jordskred utover dei kommande dagane, særleg med den nedbøren som er venta. Då vil sjansane for jordras auke.

Fryktar de for fleire ras?

– Sannsynlegheita for fleire ras aukar, seier Samdal.

NVE har vurdert situasjonen i Luster til at det ikkje er nødvendig å sende geolog til staden.

– Det er ikkje hus med folk i området som er trua så difor sender vi ikkje geolog til staden, og vi meiner vi har ein avklart situasjon akkurat der dette raset har gått, seier Samdal.

Ras i Jostedalen

KAN KOMME FLEIRE RAS: NVE aukar beredskapen i forhold til at det kan komme fleire jordras, som her i Luster.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Smeltevatn kan ha løyst ut raset

Dei har gjort grundige vurderingar av tilhøva med bruk av folk som er kjende i området.

– Vi har kontakt med hydrolog på staden og lokale folk med kunnskap om rasfaren, så vi meiner vi har kontroll på situasjonen der raset gjekk, seier Samdal.

Raset har starta om lag 700 meter oppe i fjellsida og delt seg i to på vegen nedover. I breidda er det om lag 150 meter.

– Det er nok vatn frå smeltesnø som har gjort til at jordraset har lausna oppe i fjellsida, og sjansen for at slike ras skjer igjen aukar med den vêrsituasjonen vi har, seier Samdal.

NVE aukar beredskapen

Med auka fare for fleire ras har også NVE auka beredskapen.

– Eg har sendt ut folk allereie i dag for å halde auge med situasjonen, og for å vere sikre på at vi kan sette inn tiltak så raskt som mogeleg for å forhindre at farelege situasjonar oppstår.

Og vêrprognosane for det kommande døgnet er framleis svært usikre.

– Det er framleis usikkert kor mykje nedbør som er venta, men det vil komme ein del og den mest intense perioden blir frå klokka 06–12 måndag, seier Samdal.

Åtvarar mot fleire ras

ÅTVARAR: På varsom.no kan ein følgje rasvarslinga.

Foto: Skjermdump