Hopp til innhold

Fagdirektør: Meiner det kan vere farleg å bruke Volda sjukehus

– Å kome til eit lokalsjukehus når det verkeleg er alvor, kan i seg sjølv vere farleg, det meiner fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik.

Hans Johan Breidablik

ÅTVARAR MOT OVERDRIVEN TRU PÅ LOKALSJUKEHUSA: Hans Johan Breidablik er fagdirektør i Helse Førde.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Breidablik er kritisk til ordføraren i Hornindal som vil at Volda skal vere lokalsjukehus for Nordfjord innan akutt kirurgi.

I delar av Nordfjord og på Sunnmøre meiner ein at pasientar frå Nordfjord kan sikre nok aktivitet til å berge akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda.

– Når det hastar, og når det verkeleg er alvorleg kan det å kome inn på eit lokalsjukehus rett og slett vere farleg i seg sjølv, og svært uheldig, seier Breidablik

Striden om akuttkirurgi

Striden om akuttkirurgien ved Volda sjukehus, som helseminister Bent Høie vil avvikle, har for lengst kome sør for fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

I Nordfjord har særleg ordførarane i Hornindal og Stryn kjempa for akuttkirurgien i Volda.

Men Breidablik meiner små lokalsjukehus vert ein farleg omveg.

– Det er kompetanse i å behandle endeleg som er viktig. Dersom det å kome inn på eit lokalsjukehus berre blir eit forseinkande ledd, så har ein gjort det motsette av det ein ynskte, seier Breidablik.

– Så det å bli frakta til Volda, dersom ein har skade i buken eller indre blødingar, det kan eigentleg vere til skade?

– For min eigen del så ville eg ha prøvd å protestere mot det så lenge eg var i stand til det, ja.

Vil ha avtale med Volda

I avisa Fjordingen før helga tok Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel frå Høgre til orde for at nordfjordingane får på plass same avtale om akuttkirurgi med Volda som det i dag er innan fødetilbod. Håpet på Sunnmøre er at pasientar frå Nordfjord kan vere med og sikre akuttilbodet.

Stig Olav Lødemel

VIL HA VOLDA SOM LOKALSJUKEHUS FOR AKUTTKIRURGI: Ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel (H).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dersom du har behov for akuttkirurgi så skal du kunne reise til det næraste sjukehuset for å få hjelp dersom det står om livet, seier Lødemel.

Men Breidablik meiner at nettopp når det står om livet vil ikkje Volda gi Nordfjordingane noko betre eller raskare tilbod.

– Nei, det er klart at ein kan få gjort enklare akuttkirurgi og akuttortopedi, men meir kompliserte ting skal jo ikkje dit, det skal jo til eit større sjukehus eller eit regionsjukehus. Det trur eg vi skal vere glade for, seier Breidablik.

I fylgje Breidablik reiser over 90 prosent av dei akutt alvorleg sjuke i Sogn og Fjordane med helikopter. Svært mange av desse landar i Bergen.

– Helikopteret har ein langt større regularitet enn det mange trur, seier Breidablik.

Men kva med dei 10 prosentane der helikoptera står på bakken?

– Vi har tal som syner at berre eit fåtal av pasientane som skulle hatt helikopter tok skade av at helikopteret ikkje kunne flyge. Desse pasientane måtta ta sjukebil.

Etter det NRK kjenner til kan det for heile Sogn og Fjordane vere i underkant av 10 pasientar i løpet av tre år. Men tala som stammar frå eit pågande forskingsarbeid i Helse Vest er ikkje endeleg klare.

Meiner reisetid er viktig

Men Stig Olav Lødemel meiner det er rett for folk i Nordfjord å bruke Volda.

– Han må jo få meine det han meiner, men eg er usamd i det. Eg meiner det er viktig å fokusere på reisetid, og at det er lite hjelp i gode legar på store sjukehus dersom du har mist livet før du kjem fram, seier Lødemel.

Men så langt er det Helse Førde og Breidablik helsepolitikarane i Oslo har lånt øyre til. Helseminister Bent Høie frå Høgre har fleire gonger vist til Helse Førde og Sogn og Fjordane, der ein ikkje har akuttkirurgi ved lokalsjukehusa, som føregangsfylke.