Her vil vindkraftanlegg vere i stor konflikt med landskap og kulturminne, ifølgje Riksantikvaren.
Tre sårbare område
I rapporten er det tre kystområde frå Sogn og Fjordane der dei meiner bygging av vindmøller vil kome i så stor konflikt med landskap og kulturminne at dei åtvarar mot det. Dette er område Vingen-Rugsundet-Skatestraumen, Kinn-Årebrot-Botnane og Stad-Selje.
Planar om vindkraft
Mellom anna har SFE planer om vindmølleanlegg nordvest for Flora. Dette er innanfor eit av dei nemnde, sårbare kystområda. Men ordførar og styremedlem i SFE, Bente Frøyen Steindal, meiner det er for tidleg å utelukke planane på bakgrunn av rapporten.