Hopp til innhold

Åtvarar mot ulovleg transport av turistar

Statens vegvesen har sett ei auke i pirattransport av turistar dei siste åra. No åtvarar dei mot konsekvensane.

Torghandel i Flåm

POPULÆRT REISEMÅL: Det myldrar av turisme i Flåm om sommaren og mange ynskjer å utnytte dette. Dette biletet er teken i ein annan samanheng, men illustrerer turistlivet når det er høgsesong.

Illustrasjon: Arne Veum

– Dei seier dei køyrer venner og familie, men så kjem dei att fleire gonger, seier Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.

Eit nettverk av forskjellige ruter

Dei siste åra har det dukka opp stadig fleire som tek seg betalt for å transportere turistar ved populære turistmål som Gudvangen og Flåm, skriv Bergens Tidende. Utan løyve kjem sjåførar frå utlandet for å utnytte turistboomen på Vestlandet.

Teken i kontroll

STOPPA I KONTROLL: Denne bilen er ein av fleire som har vorte stoppa av Statens vegvesen, knytt til piratverksemd.

Foto: Statens vegvesen

Seniorrådgjevar for krimseksjonen i vegdirektoratet, Frode Kvalstad, er bekymra for utviklinga.

– Me ser ei forholdsvis ny næring som har vekse dei siste åra. Det har dukka opp fleire mindre køyretøy som utfører persontransport mot vederlag. Det er regelverk som krev at dei må ha løyve for å drive denne næringa, men det har dei normalt sett ikkje.

Ifølgje Kvalstad er det ikkje berre private aktørar som driv dette. Ved fleire tilfelle i sommar har bilar som er registrerte på selskap i utlandet vorte stoppa i kontroll. Kvalstad seier det er eit stort nettverk av forskjellige ruter.

Ein av fleire bilar som har vorte stoppa av Vegvesenet

FRÅ UTLANDET: – Fleire av bilane som har vorte stoppa er registrerte hjå utanlandske selskap, seier Frode Kvalstad i Vegdirektoratet.

Foto: Statens vegvesen

– Mange av turane startar gjerne i Sverige og går inn i Noreg og over til Vestlandet. Vi ser ofte at bilane er svenskregistrerte eller frå Litauen.

Unngår lovverket

Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen har sjølv stoppa fleire ulovlege transportørar i området mellom Gudvangen og Flåm. Han reagerer på konkurransefordelane utanlandske firma får ved å operere på utsida av lovverket.

– Dei som ikkje driv dette på lovleg vis, treng ikkje streve for å imøtekomme dei krava som er sette for transportverksemd i Noreg i dag. Dei som køyrer er heller ikkje underlagt kviletid og kan gjere som dei vil, seier han.

Bjørgum ser på dette som ei stor utfordring for den lovlege sida av næringa.

– Det er mykje billigare å drive transport når dei unngår lovverket. Det vert svært vanskeleg for dei som driv lovleg og skal forsøke konkurrere mot dei, seier han.

Fryktar konkurransen

Dagleg leiar i Fjord Tours, Steinar Aase, fryktar den auka konkurransen kan gå hardt utover både kvaliteten og omdømmet til norsk reiseliv.

– Det kan føre til at fleire vel billige og enkle alternativ som pirattransporten kan tilby. Det er ikkje bra for turistane som ikkje vil få dei same opplevingane, og det er ikkje bra for den norske turistnæringa som skal forsøke å drifte dette, seier han.