NRK Meny
Normal

Teppeseljar ringjer på og påstår du har vunne - sjølv om du ikkje har tippa...

Politiet ber folk ta forholdsreglar, då det er omreisande teppeseljarar og blomeseljarar i fylket for tida. Nokon av dei er frekkare enn kva ein skulle tru var mogleg.

Nils Erik Eggen

VER FORSIKTIG: Operasjonsleiar Nils Erik Eggen ber folk vere varsame dersom dei vert kontakta av pågåande seljarar.

Foto: Steinar Lote / NRK

– I dag har det vore eit tilfelle ved ein bustad for eldre i Sogndal der teppeseljarane dukka opp på døra og fortalde at ein av bebuarane hadde vunne eit teppe. Dei synte opp eit bittelite teppe, og rådde vedkommande til å heller kjøpe eit større eit, som dei tilfeldigvis hadde tilbod på, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen.

Teppeseljarane inviterte seg sjølve inn i bustaden, og då vedkommande prøvde å seie at han ikkje var interessert i noko teppe, og at han heller ikkje hadde pengar på seg, tilbydde seljarane seg å følgje vedkommande til ein minibank for å ta ut pengar.

– No vart det ikkje noko lureri ut av denne episoden, men vi finn likevel grunn til å be folk ta forholdsreglar og ikkje opne døra for kven som helst. Ikkje opn døra utan at du veit kven som er utanfor. Når dei går på eldre spesifikt, så er dette ofte folk som er åleine, og då kan ein fort hamne i ein uheldig situasjon der ein ikkje føler ein kan seie nei, seier Eggen.

Mistenkjer tvangsarbeid

Denne veka gjekk politiet i Førde ut og åtvara folk mot å nytte seg av dei britiske steinleggjarane som er på plass i fylket. Politiet stoppa eit følgje med steinleggjarar, som hevda dei var på ferie, men den forklaringa festar ikkje politiet lit til.

Dei trur i staden steinleggjarane driv med tvangsarbeid og at folk som er med, vert utnytta, utan at politiet har klart å bevise dette ennå.

I fjor var det fleire episodar i fylket der knivsliparar meir eller mindre tvinga seg til oppdrag frå folk og presenterte dei for ei klekkeleg rekning etterpå.

Helge Dyrrdal i Ortnevik opplevde at svindlarane stod over han medan han måtte overføre 50.000 kroner til dei frå nettbanken – elles vart han truga med juling. I førstninga ville svindlarane ha 160.000 kroner for jobben.

Før det hadde dei såkalla knivsliparane demontert ein del verktøy i bedrifta til Dyrrdal, med beskjed om at det skulle slipast. Det Dyrrdal fekk att, var langt frå slipt, og mykje av det var øydelagt.

Opptrer på ein relativt frekk måte

Eggen understrekar at politiet ikkje har vore i kontakt med teppeseljarane, men peikar på at framgangsmåten verkar noko mistenkeleg.

– Når du blir presentert for ein gevinst utan at du har teke lodd, så er det noko muffens, seier Eggen.

Politiet har også fått melding om at pågåande blomeseljarar har vorte observerte på Sandane i Gloppen.

– Når folk kjem på dørene slik, så er det i mange tilfelle på ein relativt frekk måte, og ein kan føle seg truga, seier Eggen.

Han oppmodar folk om å vere sunt skeptiske og ta enkle forholdsreglar.

– Lås ytterdøra, ikkje opn opp for kven som helst, og ikkje lat det lure med på noko du ikkje vil, seier Eggen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser