Hopp til innhold

Kan lure seg sjølve med taktisk stemming

Fleire parti rundt den magiske sperregrensa kan føre til at mange veljarar vil stemme taktisk ved stortingsvalet. Men veljarar som stemmer taktisk risikerer å lure seg sjølve, åtvarar professor.

Valglokale

LURT ELLER IKKJE? Veljarar som stemmer risikerer å lure seg sjølve, meiner professor.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Med berre dagar att til stortingsvalet er det mange veljarar som vurderer fram og tilbake kva dei skal stemme. Ein del vurderer truleg også å stemme på eit anna parti enn dei utgangspunktet hadde tenkt.

Erfaringar frå det siste riksdagsvalet i Sverige viser at kvart tiande veljar der røysta taktisk. Det gjorde dei for å redde parti som stod i fare for å kome under grensa på fire prosent.

Med mange parti rundt sperregrensa kan det same skje i Norge på måndag.

– Eg har ikkje gjort det tidlegare, men eg vurderer faktisk gjere det i år, seier ein veljar NRK møter i Sogndal.

Trur det kan påverke resultatet

Mannen i 50-åra hadde tenkt å gje stemma si til Senterpartiet. Men få dagar før valet vurderer han å røyste på KrF for å styrke miljøprofilen i ei eventuell borgarleg regjering.

– Det eg fryktar er ei blåblå regjering, og eg tenkjer at ei blå regjering med sterke innslag av grønt og gult vil vere eit betre løysing for landet, seier mannen.

Og han er ikkje den einaste som tenkjer slik. Også andre NRK snakka med gjer seg liknande tankar.

– Det kan gå mot regjeringsskifte, og tidlegare har eg ikkje stemt taktisk. Eg har stemt etter ideologi og overtyding, men eg vurderer stemme taktisk i år for å sjå om eg kan påverke valresultatet, stemmer ein annan veljar i.

Parti under sperregrensa tener på det

Før stortingsvalet på måndag kjempar fire parti mot sperregrensa, og eitt – Miljøpartiet dei grøne – drøymer om å klatre over. Erfaringar frå sist riksdagsval i Sverige viser at fleire stemmer taktisk når sperregrensa pustar partia i ryggen, fortel professor ved NTNU, Anders Todal Jensen.

– Dei svenske valforskarane har vist det dei kallar støtterøysting, som er den typiske forma for taktisk stemmegiving.

– Det er parti som står i fare for å kome under fireprosentgrensa som nyt godt av denne støtterøystinga, seier Todal Jensen.

Veit lite i Norge, men valsystema liknar

Anders Todal Jenssen

LIKE: Ein veit lite om taktisk stemming i Norge, men Anders Todal Jensen viser til Sverige og seier valsystema i dei to landa er veldig like.

Foto: Randi Lillealtern / NRK

I Norge veit vi lite om kor mange som faktisk stemmer taktisk. Men i Sverige har forskarane granska fenomenet ved dei tre siste riksdagsvala.

I 2006 svara fem prosent at dei hadde røysta taktisk. Ved siste val i 2010 var talet fordobla.

– Sverige har eit partisystem som liknar vårt. Dei har ei valsystem som er veldig likt vårt.

– I forhold til eit av dei veldig viktige spørsmåla når det gjeld taktisk stemmegiving så er det identisk. Nemleg at ein har ei sperregrense på fire prosent, seier professoren.

Frå Høgre til Venstre

Det nyaste norske dømet på det ein trur er taktisk stemmegiving gjeld Venstre i 2005. Partiet stod i fare for å kome under sperregrensa etter fire år i regjering med Høgre og KrF.

I valet gjorde Venstre det spesielt godt i mange valkrinsar som normalt hadde vore dominert av Høgre. Noko liknande kan òg skje i år, seier professor Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

IKKJE GJER DET: Professor Frank Aarebrot åtvarar mot taktisk stemming, og meiner folk i staden bør stemme på det partiet dei er mest samde med.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

– I bakgrunnsmaterialet eg har frå dei nasjonale målingane, så er det einaste eg kan sjå der det er ein mistenkeleg høg overgang, frå Høgre til Venstre, seier Aarebrot.

– Kan lure seg sjølve

Han trur taktisk stemmegiving kan få motsett effekt av det veljaren ønskjer.

I 2005 tapte Høgre fleire representantar enn det Venstre vann i utjamningsmandat. Det var hovudgrunnen til at dei borgarlege tapte valet, sjølv om dei fekk flest røyster, meiner Aarebrot.

– Veljarane kan vere så lure at dei lurer seg sjølve.

– Ta Sogn og Fjordane som eit eksempel. Om ein veljar vurderer å stemme Venstre for å sikre ein mjuk representant i ei framtidig borgarleg regjering, så kan ein i dette fylket risikere at Senterpartiet ramlar ut, og at Venstre ikkje kjem inn.

– Då har ein vore så lur at ein lurer seg sjølv.

Oppmodinga frå professoren er klar.

– Du skal gjere det slik også politikarane rår folk til å gjere, stemme på det partiet du er mest samd i. Ikkje prøv å vere lur, seier han.