Hopp til innhold

Åtvarar mot svindelforsøk

Sparebankane i fylket åtvarar mot ein SMS med informasjon om at kontoen er sperra. Bankane presiserer at meldinga ikkje kjem frå dei, men at dette er eit svindelforsøk. Dei ber bankkundane ikkje opne meldinga, men å slette den. Dei ber også kundar som har opna meldinga om å ta kontakt.