NRK Meny
Normal

Åtvarar mot mykje nedbør og snøsmelting

Frå onsdag til torsdag er det venta så store nedbørsmengder at NVE har sendt ut obs-varsel. Statsmeterologen ber også folk vere obs på skredfaren.

Regnet fosser ned

SKAL BØTTE NED: Frå onsdag og utover skjærtorsdag er det venta så store nedbørsmengder at NVE har sendt ut obs-varsel.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Vi skulle jo ønske at vi kunne hoppe over det neste døgnet, for det ser ikkje så bra ut, seier statsmeteorolog Steinar Skare.

For påska startar med eit døgn med store nedbørsmengder. Opp mot 50 millimeter med regn er venta fram mot klokka 18.00 torsdag, og NVE har sendt ut obs-varsel der dei melder om raskt aukande vassføring kan føre til lokale oversvømmingar.

Skredfaren er også til stades, særleg i fjellet, og nedst i saka kan du sjå og høyre kva du bør tenkje på når du legg ut på skitur.

Ventar mykje vind

Nedbøren har allereie starta, men statsmeteorolog Skare fortel at det vil auke på utover onsdagskvelden og natt til torsdag. Vinden er venta opp mot sterk kuling på kysten og fjellet og ved Stad opp imot full storm.

– Vinden vil minke torsdag føremiddag, men framleis vil det vere bygevêr. Torsdag kveld snur det over på nordavind og det ser ut til at det kan bli opp imot sterk kuling på kvelden, men då vert det lettare vêr, seier Skare.

Fredag vil vêret lette endå meir. Onsdag ligg snøgrensa mellom 800 og 1000 meter, men denne vil gå litt nedover utover på torsdagen.

Åtvarar om skredfare

Med dei store nedbørsmengdene det neste døgnet er det all grunn til å vere obs på skredfare, særskild i fjellet.

– Rasfaren vil truleg liggje på nivå to, så det er ikkje så veldig høgt, men det seiast at det er på nivå to og tre flest ras vert utløyst av skigåarar, så all mogleg grunn til å vere obs, seier Skare.

Men statsmeteorologen melder om gode dagar i vente.

– Påska ser ut til å avslutte veldig fint, med høge dagtemperaturar, opp mot 14 grader laurdag og søndag. Og endå betre ser det ut for i neste veke, så det ser ut som vi har nokre fine dagar i vente, seier Skare.

Her fortel Andreas Haslestad i Norgesguidene om kva du bør tenkje på når du legg ut på påsketur. Foto: Karl Kristian Langeland, NRK

VIDEO: Her fortel Andreas Haslestad i Norgesguidene om kva du bør tenkje på når du legg ut på påsketur. Foto: Karl Kristian Langeland, NRK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser