Hopp til innhold

Åtvarar mot stor snøskredfare

Det blir no åtvara om stor skredfare i Sogn og Fjordane på laurdag. Årsaka er temperaturstigning, kraftig vind og svært mykje nedbør.

Snøskred i Veitastrond

SKREDFARE: Laurdag kan det komme nokre store og naturleg utløyste skred. (Arkivfoto frå Veitastrond)

Foto: John Molland

Varselet er på faregrad 4 – raudt nivå – som er nest høgst på skredfareskalaen.

– Dette betyr at ferdsel i skredterreng blir frårådd. Det er også fare for at skred kan losne av seg sjølv, melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Det er også meldt om fare for jord- og flaumskred i Sogn og Fjordane fredag og laurdag. Dette varselet er på gult nivå – faregrad 2. Årsaka er at det venta mykje regn og grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg. Det er venta høge temperaturar og mykje vind, noko som fører til stor snøsmelting.

Bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. NVE oppmodar folk om å reinse dreneringsvegar og stikkrenner.