Hopp til innhold

Mykje vind og svært tørr januar - åtvarar mot stor skogbrannfare

Folk blir no oppmoda om å vere forsiktige med eld i skog og mark. Det er tørt dei fleste stadane og også mykje vind. Det fører til stor brannfare.

Stryn brannmannskap slokker skogbrann

BYRJA Å BRENNE: Brannmannskap måtte rykkje ut for å sløkke brann i terrenget då eit tre velta over kraftlinja.

Foto: Arne Vik

Vaktleiar Dagny Røyrvik ved Alarmsentralen seier versituasjonen kan føre til brannar.

– Det er vind og mangel på snø og regn som gjer at det er stor skogbrannfare for tida. Men dette vil sjølvsagt variere frå stad til stad i fylket, seier ho.

Ho oppmodar alle om å passe på, særleg om dei tenner på bål i naturen.

– Ei lita gnist frå eit bål kan setje fyr på vegetasjonen når det er tørt og vindfullt. Ver sikker på at alt er sløkt før ein går frå eit bål, seier ho.

Fleire brannar siste døgnet

Politiet fekk i natt melding om brann i fjellsida i nord for Kroken i Luster. Brannårsaka var truleg bålbrenning. Tidlegare i dag byrje det å brenne i skogen i Stryn då eit tre fall ned over ei kraftlinje. Dette førte til gnistar som tente på skogen.

Det siste døgnet har det vore fem brannar i fylket, både i hus og vegetasjon. Vinden har ført til bekymring under sløkkearbeidet fleire av stadane. Både under brannen i Kalvåg i går og under storbrannen i Lærdal førre helg, blei vinden ei utfordring.

Røyrvik seier at også i dag har vore ulming i ei branntomt i Lærdal, seks dagar etter brannen.

– Vi måtte ut att i Lærdal i dag då det byrja å ulme. Det er nok vinden som har skuld i det. Dette blei heldigvis oppdaga raskt og sløkt med ein gong, seier ho.

Svært lite nedbør i januar – og mykje vind

Brann i Kalvåg

FEKK KONTROLL: Då det brann i eit bygg i Kalvåg fredag ettermiddag, var frykta at brannen skulle spreie seg på grunn av vinden.

Foto: Egil Totland

Statsmeteorolog Gunnar Livik ved vêrvarslinga på Vestlandet seier januar har vore ein tørr månad i Sogn og Fjordane.

– Stryn har berre fått sju prosent av normal januarnedbør og no er vi snart i slutten av månaden. Sandane har fått 11 prosent. Lærdal har 26, Vangsnes 30 og Takle 56 prosent. Så vi kan seie det har vore lite nedbør hittil, seier han.

Lite snø og regn og mykje vind gjer til at det er svært tørt mange stader.

– Det er god fordamping frå bakke og vegetasjon på grunn av mykje vind, seier han.

Merkast godt i fjordane

Eit høgtrykk som har lege over Østersjøen den siste tida, er årsaka til den austlege og søraustlege vinden. Denne type vind merkast godt på Vestlandet.

– De er topografien i fjordane som gjer til det. Det ser ut til vi får slik vind neste veke også. Fram mot helga held vinden fram i varierande grad og det blir truleg lite nedbør. Det kan hende eit lågtrykk bryt gjennom mot helga. Men fram mot det, blir det tørt og opphaldsver dei fleste stadane, seier han.

Med slike utsikter den neste veka, er altså oppmodinga frå vaktleiar Dagny Røyrvik ved Alarmsentralen klar.

– Ver forsiktig med eld og glør når det er så tørt ute, seier ho.