NRK Meny
Normal

OBS-varsel: Meteorologane åtvarar mot full storm på kysten

No bles det kraftig på kysten. Meteorologane åtvarar mot full storm på kysten og i fjellet.

Måløybrua

MÅLØYBRUA STENGT: Trafikantane har vore tolmodige. Måløybrua har vore stengt fleire gongar i dag.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

– Det er venta sterk vind i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag i kveld, seier Statsmeteorolog Gitte Flesland ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for fylka, ettersom det er venta kraftig vind.

– Vi ventar at vinden vil minke i løpet av natta, men det vil blåse kraftig medan det står på, seier Flesland.

Stengt på grunn av vind

Både Måløybrua og Rugsundbrua har vore stengt fleire gongar i dag opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal. Men dette har ikkje skapt større trafikale problem. Men ferjetrafikken har merka vinden.

– På ferjestrekninga Måløy – Oldeide på fylkesveg 616 er det stengt på grunn av uvêr, seier Ketil Molvær som er vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Vinden som står på no, har også Vegtrafikksentralen tatt høgde for at kan skape problem.

– Vi har sendt ut meldinga om OBS-varsel til kontraktørane.

– Uvanleg mildt

Molvær seier det er litt vind i fjellet, men at det først og fremst er usedvanleg mildt.

– Det er 6 – 7 grader i fjellet, og på Sognefjellet er det no 6 grader. Det er sjeldan på denne tida av året.

Vinden ser ut til å dra seg til att lenger nord i løpet av søndagen, så det blir ei ruskete helg med liten storm i vente i Trøndelag søndag kveld.

– Det vil også komme nedbør i Sogn og Fjordane, men kanskje ikkje dei same mengdene som lenger nord.

Søndag er det venta sørvest liten kuling utsette stadar i Sogn og Fjordane, sterk kuling ved Stad. Skya og regnbyer. Seint søndag ettermiddag blir det auking til sørleg stiv kuling og sørvest liten storm ved Stad. Og regn.