Hopp til innhold

Åtvarar mot steinleggjarar - igjen

Politiet går på nytt ut og åtvarar folk mot å nytte seg av dei britiske steinleggjarane som er på plass i Sogn og Fjordane.

Steinleggjarar blir kontrollerte av Vegvesen og politi i Førde i starten av mai 2014

TVANGSARBEID: Eit følgje på seks steinleggjarar vart onsdag kveld kontrollerte av Vegvesenet og politiet i Førde. Politiet mistenkjer at delar av følgjet er offer for tvangsarbeid.

Foto: NRK-tipsar

Problemet med utanlandske omreisande steinleggjarar som jobbar svart er ikkje noko nytt. Og denne våren er dei tilbake i fylket, noko politiet ser alvorleg på.

Regionlensmann i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde, er også i år ute med ei åtvaring. Han ber folk om å ikkje nytte seg av tenestene dei tilbyr.

Jan Egil Tvinde

ÅTVARAR: Regionlensmann Jan Egil Tvinde ber folk halde seg langt unna dei britiske steinleggjarane som på ny er på besøk i Sogn og Fjordane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Dei som utfører arbeidet er folk som er utsette for tvangsarbeid, og det er blitt eit stort problem i Norge. Det er også mistanke om menneskehandel i desse miljøa, seier Tvinde til NRK.no torsdag føremiddag.

Reisefølgje mistenkte for tvangsarbeid

Onsdag vart politiet merksame på at nettopp omreisande steinleggjarar var på plass i Sogn og Fjordane. I 19.40-tida stogga dei tre bilar på E39 ved Langeland i Gaular, med til saman seks personar i følgjet.

Desse vart tekne med til Vegvesenet sin kontrollstasjon i Førde, der både køyretøya og personane vart sjekka av politi og Vegvesen.

– Vi har sjekka desse seks personane, og vi mistenkjer dei for å drive tvangsarbeid og utnytte personane som er med, seier Tvinde, og seier det er ein som organiserer arbeidet.

– Men vi kan ikkje bevise dette, enno. Men vi veit at dei iallfall ikkje er her på ferie, slik dei hevdar, seier regionlensmann Jan Egil Tvinde.

Også i fleire andre fylke har politiet gått ut med ei åtvaring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinleggjarar blir kontrollerte av Vegvesen og politi i Førde i starten av mai 2014

VISTE VEKK: Politiet har bede reisefølgjet med steinleggjarar om å forlate Sogn og Fjordane.

Foto: NRK-tipsar

Same folka som i fjor

I slutten av april var det også britiske steinleggjarar i Sunnfjord. Den gong fekk lensmannen sjølv besøk på døra, to gonger.

Også då åtvara lensmannen folk mot å nytte seg av tenestene deira, sjølv om det kan vere freistande med til dømes nytt og billig tun til sommaren.

Dei seks personane politiet sjekka i Førde i går kveld, viser seg å vere dei same som var i området i fjor.

– Det er både dei same folka som er tilbake, og det er same hensikta. Det er nokon som tener pengar på dette og utnyttar andre, seier Tvinde.

Reisefølgjet med steinleggjarar har no blitt bedne om å forlate fylket.

– Politiet som stogga dei i går viste dei vekk, og bad dei forsvinne frå Sogn og Fjordane. Men om det har skjedd, det veit vi ikkje, og difor åtvarar vi no folk mot å bruke dei, seier lensmannen.

– Tek ein risiko, på fleire måtar

Regionlensmannen seier dei som nyttar seg av tenestene steinleggjarar tilbyr, tek ein risiko. På fleire forskjellige måtar.

– Ut frå dei opplysningane vi har er det ikkje spesielt billig å kjøpe tenestene dei tilbyr. Og sett opp mot risikoen ved å kjøpe tenestene, er ikkje det noko eg ville gjort.

Dei som kjøper tenestene kan mellom anna bli straffa for medansvar for svart arbeid.

– Risikoen for å bli straffa er ikkje veldig stor, men eg ser ikkje vekk frå at det kan skje, avhengig av korleis avtalar blir inngått.

– Men folk tek også ein risiko ved at dei kan få eit uferdig og dårleg resultat, og bli lurte. Det er ustabile forhold ein leiger inn desse folka under, åtvarar lensmannen.