NRK Meny
Normal

Åtvarar mot splitting

Hyllestad-ordførar Harry Mowatt (Ap) refsar partifelle og ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, for forslaget om samanslåing med Møre og Romsdal.

Harry Mowatt åtvarar mot ei splitting av fylket og at ein alt no kjem opp intensjonen om ein storregion på Vestlandet. 

Mowatt meiner elles at ein region av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil vere framand for store deler av fylket.