Hopp til innhold

Åtvarar mot sommardekk framover

– Vinteren har ikkje heilt sleppt taket enno, seier vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen. Det viser att både i vegmeldingane og på vegane.

Vikafjellet ved Hestavollen

STENGT: Vikafjellet blir heller ikkje opna søndag. Årsaka er snøskred og fare for snøskred.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengt grunna snøskred og fare for snøskred. Og fleire stader over 200 meters høgde vakna i natt opp til eit nytt kvitt laken.

Sjå: Slik ser det ut på vegane no (webkamera)

Snø i vegen på E39 i Jølster

SNØ: Snøen har lagt seg på E39 ved Langhaugane i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Alle høgdedrag ned mot 200 meter har det i natt og morgontimane kome snø og snøslaps. Det blir betre utover dagen, men folk må sjå på kalenderen, følgje vêrvarselet og planlegge ut frå det, seier Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Meir snø i vente

Det var varsla snøfall på nattetid denne helga. Slik kan det halde fram til og med onsdag morgon.

Årsaka er eit lågtrykk som «kosar seg» like utanfor Florø.

– Det blir mest bygeaktivitet i dag og måndag. Er det kraft i bygene kan det komme litt snø. Onsdag vil det snu til frålandsvind og nordaustleg vind, og då ser det ut til å bli tørrare, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

– Bør ha det i tankane

Mange har allereie skifta til sommardekk, men hos Vegtrafikksentralen i Bergen åtvarar Sleire at vinteren ikkje er over heilt enno.

Førde sentrum

SKILNAD: Eitt par hundre høgdemeter lenger nede har ikkje snøen lagt seg i Førde sentrum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både i Hordaland og Sogn og Fjordane kan ein møte snø når ein kjem over 200 meters høgde.

– Entreprenørane våre er obs på situasjonen og folk må tenkje over dette om ein skal opp i høgda, seier han.

Rasfare på Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet vart laurdag stengt grunna eit snøskred på Vik-sida. Søndag morgon opplyser Statens vegvesen at fjellovergangen ikkje blir opna att i dag.

Det blir gjort ny vurdering klokka 12 måndag.

– Det var utrygt for at det kunne komme fleire ras i området, og rasfaren er ikkje blitt noko mindre. Det har kome meir tung og våt snø, så den er helst blitt større, seier Sleire.