Hopp til innhold

Her var det såpeglatt då Øyvind kom køyrande på sommardekk

Øyvind Tronsen fekk litt meir spenning i morgontimane enn han hadde rekna med. På riksveg 13 over Vikafjellet er det nemleg såpeglatt.

Riksveg 13 ved Hestavollen

VANSKELEG Å SJÅ: – Det kan vere vanskeleg å sjå skilnad på om vegen berre er våt eller om det er eit tynt islag der, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Ketil Molvær.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

– Eg var på veg frå Vinje til Vik. Frå Hole-svingane og til Storehaugtunnelen var det skummelt glatt. Her er det berre å ta det med ro, seier Tronsen.

Han karakteriserer det som ei tynn, tynn ishinne som ligg på asfalten.

– Det kjem litt brått på, for du ser det ikkje med det blotte auga. Men det er rett og slett skikkeleg glatt, seier Tronsen.

Hadde nesten problem med å komme seg opp

Bilen hans er utstyrt med sommardekk, og han merka godt at veggrepet ikkje var noko å skryte av.

– Etter Holesvingane merka eg at eg rett og slett fekk problem med å komme meg opp på toppen. Men eg tok det med ro, og då gjekk det greitt, sjølv om bilen sleppte litt, seier Tronsen.

Han har førebels ikkje møtt den store trafikken over fjellovergangen mellom Vik og Voss, men ber dei som har tenkt seg over om å ta det med ro.

– Viss ein er litt uoppmerksam kan det fort skje noko, seier Tronsen.

Lett å bli lurt

Vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Ketil Molvær, har ikkje fått meldingar om glatt veg på Vikafjellet, men understrekar at tilhøva på denne tida av året fort kan endre seg.

– Eg var i kontakt med brøytebilsjåfør i morgontimane som sa at det var våt vegbane, null grader og flau vind. Men viss det klarnar opp, er det ikkje mykje som skal til før det frys på, seier Molvær.

Han ber bilistar som skal over fjellovergangar ha dette i bakhovudet, då mange framleis køyrer på sommardekk.

– Det er lett å bli lurt. Vegen kan sjå våt og berr ut, men så er det eit tynt islag som du ikkje merkar før det kanskje er i seinaste laget. Bilistane må rett og slett ta høgde for at det kan vere glatte parti når ein køyrer såpass høgt oppe, seier Molvær.