Hopp til innhold

Åtvarar mot tunge reiselivskutt

Fleire reiselivsaktørar åtvarar mot å kutte i profileringa av Noreg som reisemål. To rapportar konkluderer med kraftige kutt og omlegging av Innovasjon Norge.

Flåm med turistskip

FRYKTAR KUTT: Flåm er eit av reisemåla som blir profilert i utlandet. No fryktar reiselivsaktørar at det kan bli mindre marknadsføring framover.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Dette er kritisk, seier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

– Heilt feil å kutte i midlane, seier Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.

Ein rapport foreslår å kutte bidraget til Innovasjon Norges satsing på marknadsføring og profilering av Norge som reisemål med over 50 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

Det kraftige kuttet er frå dagens 231,5 millionar kroner.

Rapporten er utarbeida av konsulentselskapet PwC og Oslo Economic, som meiner at desse reduksjonane ikkje vil få vesentlege, negative konsekvensar.

Men fleire tunge aktørar i reiselivsbransjen er usamde.

Beate Vik Hauge

LITE KJENT: Noreg er mindre kjent ute i den store verda, seier Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord. Ho advarar mot kutt i støtte som går til marknadsføring av Noreg.

Foto: privat

– Nordmenn tenker kanskje at Noreg er godt kjent ute i den store verda. Det er ikkje tilfelle. Vi strevar alle med at vi er lite kjent der ute. Så det å kutte midlar som går til profilering høyrest veldig spesielt ut, seier Vik Hauge i Visit Nordfjord.

– Det vi har sett historisk er at det er ein klar samanheng mellom kor mykje pengar som blir investert og dei resultata vi får ut på marknadane i etterkant, seier Brandshaug i Visit Sognefjord, som åtvarar mot konsekvensane av kutt.

Usikker på effekt

Ein annan rapport, laga av Samfunnsøkonomisk analyse, stiller også spørsmål ved effekten av profileringa som skjer i utlandet frå Innovasjon Norge.

– Vi finn effektar av den statlege profileringa gjennom Innovasjon Norge. Men dei er ikkje så store. Det tilseier at ein heller brukar litt mindre pengar enn litt meir, seier fagdirektør Rolf Røtnes i Samfunnsøkonomisk Analyse.

I rapporten tek dei heller til orde for å bruke meir pengar på turistar som allereie har bestemt seg for å feriere i Norge.

– Gratis reiseinformasjon er eit gode i seg sjølv, seier Røtnes.

Men han møter motbør frå reiselivsaktørane på Vestlandet.

– Det verkar litt naivt, eigentleg. Ein må jo først bli kjent med at Noreg finst som eit turistmål, seier Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.

Ståle Brandshaug

BER OM SATSING: Pengar til investering av marknadsføring fører til fleire turistar, meiner Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Foto: Region Stavanger

– Eg vart mildt sagt overraska. Eg skjønner ikkje grunnlaget for den konklusjonen i det heile. Utfordring i dag handlar om å få godt betalande, berekraftige gjestar til å kome hit heile året. Det er der den største utfordringa til norsk reiseliv ligg, seier Brandshaug i Visit Sognefjord.

Har ikkje bestemt seg

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til DN at han ikkje har bestemt seg for kva som skal skje, men at han vil lytte til innspela frå Innovasjon Norge og reiselivet elles.

– Eg vil seie til næringsministeren at langsiktig profilering er viktigare enn nokon gong. Det bør heller vere auke i marknadsmidlar til Innovasjon Norge, slik at vi blir kjent for noko anna enn berre natur, seier Brandshaug.