Hopp til innhold

Åtvarar mot pengevekslarar

Politiet i Stryn åtvarar mot at utanlandske pengevekslarar igjen kan dukke opp i lokale butikkar, skriv Fjordingen. Lensmann Lasse Trosdahl seier han har fått meldingar om slik aktivitet andre stader i landet dei siste dagane. Kjem det folk inn i butikken med spørsmål om å veksle pengar, er det berre å avvise dei, oppmodar han.