NRK Meny
Normal

Påskesjøen like farleg som fjellet

Redningsselskapet har auka beredskapen på kysten i påsken.

Illustrasjonsfoto
Foto: Anders Ödman, Redningsselskapet / Anders Ödman

– Sjøen er jo kaldare no enn den er på sommaren, så viss folk dett uti har me mykje kortare tid på å rykke ut før folk vert så kalde at dei ikkje klarer å hjelpe seg sjølv, seier Kristian Nesse ombord på redningsskøyta «Halvtan Grieg».

Påsken er tida for årets første båttur for mange, og det kan by på utfordringar.

– Båten har kanskje lege lenge i ro utan at motoren har vore starta. Mange av dei me må hjelpe har fått problem med at dieselfilteret har tetta seg slik at motoren stoppar, seier Nesse.

Han fortel at både rusk og kondens i dieselen kan føre til motorstans, og det kan kome overraskande på.

– Motoren går kanskje fint ei stund, men stoppar plutseleg, seier han.

Sjøvett

Det er ikkje berre fjellfolk som må ha vettet i behald i påsken, det fins òg reglar for korleis ein ter seg på sjøen.

– Det er fortsatt ingen skam å snu sjølv om du er på sjøen. Det er mykje betre å vere sikker enn å ta store sjansar, seier Nesse.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.