NRK Meny
Normal

Åtvarar mot ny bank

- Sparebanken Sogn og Fjordane kan ende som ein del av Gjensidige, og sitje att med lite reell makt, seier Knut Boye ved Norges Handelshøgskule.

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

- Gjer Førde til finanssenter er ei av mange optimistiske avis overskrifter vi kan lese i dagens aviser.

Men sjølv om Gjensidige bidreg med 1 milliard kroner til Stiftinga Sparebanken Sogn og Fjordane og nye 100 arbeidsplassar til Førde, så satsar dei no mykje på eit kort.

- Det er eit opplagt eit problem. Det er ikkje usannsyneleg at storebror vil verte den dominerande parten etterkvart, seier førsteamanuensis Knut Boye ved Norges Handelshøgskule.

- Har ikkje lokal kontroll

For det er ikkje tilfeldig at Gjensidige sikrar seg 34 prosent og negativt fleirtal i det nye selskapet Sparebanken Sogn og Fjordane ASA. Den eine prosenten gjer at stiftinga ikkje får to tredjedels fleirtal. Dermed kan Gjensidige hindre stiftinga å gjere endringar i vedtektene til banken. 

- Det betyr at dei ikkje har full kontroll på vedtektene. Det som er viktig i vedtektene er føremålet. Det betyr at stiftinga ikkje på eigahand kan endre føremålet for verksemda, seier Boye. 

- Då ein først har gått inn i ein slik allianse, er det svært problematisk å bryte ut att og drive verksemda åleine. Det binder partane i lang framtid.  

-Enklast å få innpass i Førde

Gjensidige framheva onsdag kvaliteten på Sparebanken Sogn og Fjordane som grunn til samarbeidet. Men Boye trur det kan vere fleire årsaker. 

- Det er mogeleg fordi det var enklast å få innpass der.  

Gjensidige omtalar sjølv samarbeidet som eit katolsk ekteskap der framtida til begge to no er knytta til kvarandre. Dermed blir det no eit skjebnefelleskap for begge.  

- Det trur eg vi kan seie på mange måtar. Ein brenn ein del bruer bak seg.  

- Mindre lokalbank

Boye trur at samarbeidet gradvis vil bli tettare, også på andre felt enn nettbanken. Spørsmålet er om dette vil føre til mindre fokus på kundane her i Sogn og Fjordane. Sparebanken Vest gjekk for nokre år sidan inn i Sparebank 1 systemet, men etter ei stund trekte dei seg ut fordi det vart for lite fokus på deira eige primærområde på Vestlandet.

Boye åtvarar  Sparebanken Sogn og Fjordane mot at det kan bli vanskeleg å ta vare både på kundane i fylket og å konkurrere på landsplan.

- Dei satsar jo på å vere landsdekkande, og då vil fokuset rette seg mot heile Norge. Og då kan Sogn og Fjordane få mindre merksemd.