Hopp til innhold

Åtvarar mot mistenkelege menn i Høyanger

Politiet ber folk låse hus og bilar etter at fleire mistenkelege menn er sett i hagar og garasjar i Høyanger i helga. Søndag kveld er det meldt om tjuveri.

Høyanger

PÅ FERDE: Politiet ber folk i Høyanger vere obs.

Foto: NRK

Det er på Facebook at lensmannen i Høyanger varslar at politiet i løpet av helga har fått meldingar om tre ungdommar eller unge vaksne som luskar i hagar og garasjar på Dale i Høyanger.

Melding frå Høyanger lensmannskontor
Foto: Facebook

Høyanger lensmannskontor ber på Facebook-sida si om tips frå publikum, og ber folk følgje med og melde ifrå om tjuveri eller skadeverk.

Tjuveri

Og i kveld har operasjonssentralen fått melding om tjuveri i Høyanger.

Eit Bosch slagbor vart teken ut av bagasjerommet på ein bil.

– Bilen stod med bagasjerommet ope og eigar var ganske nær. Men han klarte ikkje å forhindre tjuveriet. Han såg mennene ta borret for så å forsvinne, seier operasjonsleiar Bjarte Engevik til NRK.

Mennene kom til fots og skal ha stukke av til fots.

Mannen fekk ikkje eit klart signalement av mennene, men har forklart til politiet at ein av mennene er av utanlandsk opphav. Dei to andre hadde hetter over hovudet.

– Det dreiar seg om to mørkkledde menn og ein mann med ein litt lysare overdel, seier Engevik.

– Lås bilar og dører

Operasjonsleiaren ber folk vere på vakt.

– Vi ber publikum vere obs sidan det også er observert tre menn natt til søndag. Det kan lett mistenkast at det er dei same folka.

– Det er grunn til å tru at dette er folk som er ute etter ting. Folk må passe på at bilar og hus er låste, seier operasjonsleiar Engevik.