NRK Meny
Normal

Fylkeslege: Bruk av vikarbyrå for å skaffe legar er risikosport

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, går no ut med ei breiside mot bruken av vikarbyrå for å skaffe legar til distrikta. Han fryktar at kvaliteten på legane som blir formidla er for dårleg.

Per Stensland

ÅTVARAR: Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, meiner kommunar og helseføretak er nøydde til å vere skeptiske til legevikarar.

Foto: Arne Stubhaug

Berre i Sogn og Fjordane er tre legar frå det same legevikarbyrået under gransking av helsestyresmaktene for alvorlege hendingar.

Det danske selskapet NordVik rekrutterte legar som mellom anna har vore involvert i ei dødsulukke der legen hadde pillerus, ein lege som var rusa på jobb og ein annan lege som nekta å ta imot pasient med hjartestans.

Fylkeslege Per Stensland er skeptisk til bruk av vikarbyrå, og reagerer sterkt på at desse tre legane kjem frå det same vikarbyrået.

– Det å bruke vikarbyrå til å skaffe lege til distrikt er ein risikosport. Det er veldig stor spreiing i kvalitet på dei legane som blir formidla frå vikarbyrå, seier Stensland til NRK.

Meiner det er eit sjansespel

Dei tre omtalte danske vikarlegane som NordVik har rekruttert til Nordfjord legevakt, har alle merka seg ut på ein negativ måte.

Den eine legen er tiltalt for aktlaust bildrap i samband med at han i påska 2013 krasja med ein motgåande bil på veg heim frå jobb ved Nordfjord legevakt. Legen var rusa på pillar og ei seksbarnsmor i 40-åra omkom.

– Når ein brukar vikarbyrå er sjansane for at legen ikkje fungerer større, seier Stensland.

Den andre vikarlegen er under gransking i samband med at han i januar i år var rusa medan han var på vakt ved Nordfjord legevakt.

Den same legen har fem gonger tidlegare fått krass kritikk frå danske helsestyresmakter for kritikkverdige pasientforhold.

– Problem i heimlandet

Den siste legen er under gransking fordi han i oktober i fjor nekta å ta imot ein mann i 60-åra med sterke brystsmerter. Like etter at mannen vart avvist, fall han om med hjartestans. Til alt hell vart han gjenoppliva.

– Fleire av legane som blir rekrutterte til Norge gjennom utanlandske byrå har problem med å få seg jobb i heimlandet, seier Stensland

Heilt sidan før sommarferien har NRK ei rekkje gonger prøvd å få leiinga i det danske vikarbyrået til å stille til eit radiointervju.

Sekretæren i selskapet har fortalt at ho ikkje kan setje over til dagleg leiar Mikael Palm og at vi ikkje kan få telefonnummeret hans. Fylkeslege Stensland stiller seg undrande til at dagleg leiar ikkje vil stille opp til intervju.

Hevdar dei ikkje visste

I staden for å stille til intervju, kommuniserer vikarbyrået via e-post. Når det gjeld bildrapssaka, skriv dagleg leiar i NordVik, Mikael Palm, at dei ikkje visste noko om at legen hadde noko form for rusproblem før han vart rekruttert til Nordfjord legevakt.

Også når det gjeld legen som var rusa på jobb i januar i år, hevdar vikarbyrået at dei ikkje visste noko om rusproblem eller andre kritikkverdige forhold då legen vart formidla til jobb i Norge.

I ein annan e-post skriv Palm at vikarbyrået følgjer alle sikre rutinar og standardar for bransjen, og meir til. Samtidig påpeikar han at som største aktør i Norge, med mellom 400 og 500 rekrutterte leger til landet per år, så vil ein kunne risikere fleire negative forhold enn andre vikarbyrå. Sjølv med gode kontroller vil det kunne skje feil, vedgår Palm.

Nordvik faksimile

GODT BETALT: På NordVik si heimeside går det klart fram kva danske vikarlegar kan forvente å tene i Norge.

Foto: faksimile / nordvik.dk

Lokkar med høg løn

På NordVik si heimeside reklamerer selskapet med at lønnsnivået for legevikarane i Norge ligg på mellom 125.000 og 140.000 danske kroner i månaden.

For dei som har allereie har hatt vikariat i Norge, lokkar NordVik med jobb for såkalla bonusvikarar med ei løn dei på heimesida karakteriserer som ekstremt høg. Av leiinga ved Nordfjord legevakt får vi opplyst at bruken av vikarbyrå er redusert til eit minimum. Ut over dette ønskjer dei ikkje å kommentere saka.

– Informasjonen frå vikarbyrået er ofte mangelfull og det er først og fremst referansane som kan fortelje noko om korleis den einskilde legen fungerer, slår fylkeslege Per Stensland fast.

Det er slett ikkje første gong det danske selskapet NordVik er i hardt vêr. I 2010 kunne NRK avsløre at dei hadde formidla den berykta legen Rafik Abu Ramadan til Hammerfest. Ramadan hadde då fire åtvaringar og 22 klager frå Sverige og var kjent over hele Norden etter fleire medieoppslag.

– Dessverre er vi og kommunen og ein lang rekke sjukehus i Norge, Sverige og fleire vikarbyråer også blitt lurt av denne legen. Det einaste vi har hatt med ham å gjere, er et cirka ni dagar langt vikariat i Hammerfest i juli 2008. Da sanninga gjekk opp for både kommunen og Nordvik, vart han sparka. Vi har verken før eller sidan hatt kontakt med ham, skriv dagleg leder Mikael Palm i Nordvik i ein e-post til NRK.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen