Hopp til innhold

Åtvarar mot legeformidlingsfirma

Jølster kommunar åtvarar andre kommunar mot å bruke legar frå formidlingsfirmaet LiNN AS. Bakgrunnen er erfaringane kommunen hadde med den omstridde svenske legen Jan Mikael Nordfors, som var formidla av firmaet.

Nordfors er seinare blitt sagt opp av to andre kommunar. Rådmannen i Jølster, Jostein By, seier han reagerer på at desse kommunane ikkje var blitt opplyste om klagene mot legen.

 

- Bør vere meir vakne

 

Jostein By
Foto: NRK

- Vi opplevde det slik at LiNN AS burde ha kvalitetssikra Nordfors meir etter at han var sagt opp frå Jølster og etter at dei var klare over at han fekk åtvaring frå Statens Helsetilsyn. Vi meiner at eit firma som skal formidle legar til kommunar i Noreg bør vere meir vakne og medvitne på kva dei gjer enn det LiNN As har vore i dette tilfellet, seier By.

 

Fingermassasje i endetarmen 

Jan Mikael Nordfors
Foto: NRK

Den svenske legen Jan Mikael Nordfors vart i 2004 oppsagt som kommunelege i Jølster. Grunnen var klager frå pasientar som tyda på at Nordfors uvanleg ofte prøvde å kurere ryggproblem med fingermassasje i endetarmen. Det var firmaet LiNN AS som formidla Nordford til Jølster, men kommunen vart ikkje gjort kjent med at legen allereie hadde klagesaker mot seg i heimlandet.

Viser til svarbrev

Hans K. Rohde, som er dagleg leiar i LiNN AS, vil ikkje la seg intervjue på radio, for kommentarar viser han til eit svarbrev han har skrive til Jølster kommune. Der skriv han at han tek til etterretning deler av kritikken som går på formidlinga til Verran kommune, som er den siste kommunen Nordfors har jobba i her i landet. Der vart han nyleg sagt opp frå stillinga.

Køyrer utvida sjekk

I brevet frå LiNN AS står det og at dei ikkje kjem til å formidle Nordfors til nye vikariat. Dei avviser på si side at dei skulle drive formidling av ukvalifiserte legar, og seier at dei lukar ut legar med klagesaker mot seg til dei er behandla, og at dei for framtida kjem til å køyre ein utvida sjekk av vikarlegar som dei skal formidle. I Jølster held rådmann Jostein By fast på kritikken, og åtvarar andre kommunar mot å bruke legar frå LiNN AS.

Jølster åtvarar likevel

- Med bakgrunn i dei vurderingane vi har gjort med Nordfors-saka og LiNN AS sin handlemåte då, så meiner vi det er grunn til å informere norske kommunar om at dei bør vurdere om dei vil ha tillit til LiNN AS i sine kvalitetssikringsmetodar.