Vetle (6) og Tilla (9) visste råd då dei såg det gnistre frå julelysa

Ungane til Elin Enebakk kasta snøball på julelysa då dei såg gnistar. Enebakk fryktar huset kunne teke fyr og åtvarar no andre om å dekorere heimane sine med lys.

Vetle og Tilla

SÅG FLAMMAR: Vetle (6) og Tilla (8) såg det dei karakteriserer som oransje flammar frå lysa på huset. No er husveggen heilt svart der dei såg det gnistra.

Foto: privat

– Eg tykkjer det er skremmande at dette kan skje. Eg er veldig glad for at ungane var heime og oppdaga det, og eg er òg glad for at vi vaksne var heime, fortel Elin Enebakk.

På Facebook-sida si i dag, gjekk ho ut og åtvara andre mot julelysdekorasjonar på husa.

Det kjem nok aldri julelys på vårt hus igjen.

Elin Enebakk

Då to av ungane til trebarnsmora på Vassenden i Jølster var ute og leika fekk dei auge på noko som ikkje var som det skulle.

Den eine jenta til Enebakk, Tilla (8), kom springande inn og sa at mora måtte kome ut fordi det hadde skjedd noko gale.

– Då eg kom ut såg eg at det var heilt svart der som julelysa våre heng. Så det var tydeleg at det var antyding til brann, fortel Enebakk.

Kasta snøball

Både Tilla og veslebroren Vetle (6) visste råd då dei såg det gnistra frå julelysa og kasta snøball på slik at gnistane forsvann.

– Eg tykkjer dei var svært observante. Tilla sa det var oransje fargar og flammar der, kor mykje det har vore veit eg ikkje, men eg heiv på litt snø og fann kontakta og fekk dratt ut leidningane, fortel ho.

Vi tenkjer nok meir på pynten enn at det er ei lita brannfelle.

Elin Enebakk

Til saman hadde dei to lenker som dei hadde sett saman og hadde i underkant av verandaen på huset. Familien har teke sine forholdsreglar og har tidsinnstilt lysa slik at dei går av om natta og ei tid på føremiddagen.

– Eg er redd for at det kunne teke fyr i huset rett og slett, seier ho. Den siste veka har det kome ein del snø og det var heldigvis ikkje så tørt rundt huset då dette skjedde.

Aldri meir julelys

På den mørkaste tida av året har det vorte meir og meir vanleg å pynte husa sine med lys slik den amerikanske skikken er. Enebakk meiner dette kan vere ein skummel trend.

– Eg har aldri tenkt på det før at det er ei fare ved lys. Ein er veldig oppteken av å sløkke alt lys ein har inne, men tenkjer ikkje like mykje på det som er ute. Hjå mange vil eg tru lysa står på heile døgnet, og det er nok få som tenkjer på å slå dei av, seier ho.

– Vi tenkjer nok meir på pynten enn at det er ei lita brannfelle, seier Enebakk.

No har familien slått av julelysa. – Og det kjem nok aldri julelys på vårt hus igjen, ler Enebakk.

Familien prata etter hendinga om kva ungane skulle ha gjort dersom det ikkje var vaksne til stades og det same hadde skjedd.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.