– Isen haglar ned mot vegbana i ein vanvitig fart og kan vere nesten like tung som stein. Isnedfall kan vere livsfarleg, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.
Etter ein lengre periode med kulde kjem våren til Sør-Noreg. Høgare temperaturar gjer at isen vil smelte og losne frå fjellsidene.
– Dette er noko som varierer frå år til år, men starten på 2018 ser ut til å by på meir is på vegane enn normalt, seier Molvær.
Tysdag morgon dekte eit isnedfall eine vegbana på både fv. 614 og fv. 609 i Sogn og Fjordane. Vegvesenet ber bilistane følge ekstra godt med når store isklumpar kan dundre ned på vegane og treffe bilar.
– Ein bør vere vaken, sjå ekstra etter, og ha glaset litt på gløtt for å høyre etter buldring, seier Molvær.
NVE: – Kan treffe hus
Den neste veka vil det losne mykje is, åtvarar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– Det vi har no er ein klassisk situasjon, der vinteren har vore kald og det har bygd seg opp mykje is. Når sola og varmen kjem vil isen losne. Dette vil vi oppleve mykje framover, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.
I verste fall kan gigantiske isklumpar rase ned mot busetnad.
– Det mest vanlege er at ein har isnedfall langs vegane og ved jernbaner. Samstundes kan isen losne frå fjellet og ramle ned mot hus og anna busetnad, seier Samdal.
– Rydd for all del ikkje vekk isen
Store isklumpar kan komme brått på rundt ein sving på vegane. I verste fall kan det rase meir på same stad.
– Ein må for all del ikkje rydde vekk isen. Du bør ha verneutstyr og erfaring med området for å rydde vekk isen. Det er entreprenørane si oppgåve, seier Molvær.
Den kalde vinteren har ført til mykje is i fjellsidene og ved tunnelmunningar, sjølv om entreprenørane har fjerna is fleire stadar.
– Vi jobbar kontinuerleg med å fjerne is, seier Molvær.
- Les også: