NRK Meny
Normal

Åtvarar mot glatte vegar i morgontimane

Vegtrafikksentralen ber folk køyre varsamt til sine gjeremål no i morgontimane.

Glatte vegar

GLATTE VEGAR: Fleire stader melder bilistar om glatte vegar. Slik såg det ut på E39 ved Åbergsdalen måndag morgon.

Foto: Web-kamera, Statens vegvesen

Enkelte stader kan vegen vere glatt på grunn av underkjølt nedbør, og dersom vinterdekka framleis ikkje er komne på bilen er dette tida for å få endra på det.

– Vi har fått ein del telefonar frå folk med sommardekk som lurar på korleis tilhøva er, og eg reknar med at det er langt fleire enn berre dei som har ringt som er i same situasjon, seier Jan Erikstad som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Så langt i haust har det vore heller mildt, men no har nattefrosten gjort seg gjeldande. Måndag morgon har det komme inn fleire meldingar om glatte vegar i Sogn og Fjordane til Vegtrafikksentralen.

Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.

– No siste halvtimen har vi fått fleire meldingar frå både Nordfjord og Sunnfjord om glatte vegar, så bilistane må vere litt obs no i morgontimane, seier Jan Erikstad som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.