NRK Meny
Normal

Åtvarar mot glatte vegar i morgontimane

Det er meldt om svært glatte vegar fleire stader i Sogn og Fjordane tysdag morgon.

Glatt veg i Førde 10. januar 2016

TYNN ISHINNE: Tipsarar fortel om at det har lagt seg ei tynn ishinne på asfalten fleire stader.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Publikum melder no at det er i gang salting mellom Eikefjord og Naustdalstunnelen.

Vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen fortel at mange har ringt 175 og fortalt om plussgrader i lufta, men tynn hinne med is på vegane.

– Vi byrja å få inn meldingar rett før klokka seks. Entreprenørane på dei ulike strekningane er varsla, og dei er anten på veg ut eller alt på vegane, seier Sleire.

Meldingane om glatte vegar gjeld mellom anna desse strekningane:

  • Rv5 mellom Florø og Førde, særleg strekninga Florø – Naustdal
  • Fv57 mellom Bygstad og Langeland
  • E39 mellom Byrkjelo og Sandane
  • E39 mellom Sandane og Anda
  • E39 over Stigedalen

Har du tips om glatte strekningar andre stader? Ring oss på 57724242, send oss ein SMS med kodeord SF til 1987, eller send oss ein e-post.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser