Åtvarar mot glatte vegar

Politiet åtvarar om at det kan vere svært glatt mange stadar i Sogn og Fjordane og Hordaland. I Olden køyrde ei kvinne av vegen på det glatte føret, men ho varsla sjølv om det som hende. Tatjana Knappen i Vest politidistrikt ber folk syne varsemd.