Hopp til innhold

Åtvarar mot glatte vegar

Bilistar må no vere merksame på at det kan fryse på vegen i enkelte område

Riksveg fem ved Svarthumle

GLATTE VEGAR: Her ved Svarthumle i Flora var det svært glatt i morgontimane måndag.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har i dag fått fleire meldingar om glatte parti på riksveg fem mellom Førde og Flora, blant anna ved Svarthumle og Sundefjellstunnelen, seier vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegmeldingssentralen i Lærdal.

Bilistar melder og om at det i morgontimane måndag var glatt i Sogndalsdalen, også det på riksveg fem.

– Det er klart at der det ikkje turkar skikkeleg opp på dagen, der stor sjanse for at det frys på. Særleg når vi har klarvêr som no seier Erikstad.

Han seier folk må vere obs ikkje berre på kveld og tidleg morgon, men også ut over på føremiddagen.

Jan Erikstad

NATTEFROST: vaktoperatør Jan Erikstad ved vegmelingssentralen i Lærdal ber folk vere merksame på at det kan fryse på i område med lite sol.

Foto: Jan Christian Jerving

– Sjølv om det har vore berr veg tidleg på morgonen så kan det faktisk fryse på også ut på føremiddagen.

Få oppdaterte vegmeldingar her:

Sjølv om det framleis er ein månad igjen til fristen for å byte til vinterdekk, kan det likevel vere noko å vurdere for dei av oss som har piggfrie vinterdekk, seier Erikstad.

– Det er absolutt å tilrå, det er ein av fordelane med å køyre piggfritt at ein kan legge om litt før slik at ein også kan dekke opp for denne perioden.

Før helga kunne vi høyre om fleire som fekk problem, då den første snøen kom på fjellovergangane . I dag, måndag 3. oktober, er både fylkesveg 13 Gaularfjellet og fylkesveg 258 Gamle strynefjellsvegen vinterstengde.

– Skal ein over fjellovergangane no, og det er snødekke så må ein ha vinterdekk. Eg vil ikkje tilrå noko legge i veg med sommardekk sjølv om det kanskje ikkje er så mykje snø. For dei som er usikre på korleis føret er over fjellovergangen dei har tenkt å køyre, så kan dei bruke webkamera våre og sjå korleis føret er den dagen, seier Erikstad.