NRK Meny
Normal

Åtvarar mot glatte vegar

Med meldingar om nattefrost heile den komande veka bør du vere forsiktig når du set deg bak rattet i morgontimane. – Køyr forsiktig så det ikkje skjer ska, oppmodar bilist.

Glatt veg mellom Førde og Sande, her ved Lunde på E39

GLATT: Innringar fortel om glatt veg på E39 mellom Førde og Sande, her i området ved Lunde.

Foto: NRK-tipsar

Elin Haugen har måndag morgon køyrt frå Naustedalen mot Førde på riksveg 5 Det som der såg ut som våt veg var noko heilt anna, fortel ho til NRK.no like før klokka 07.

– Det har vore ei ishinne i vegbana heile vegen, til og med langs Førdefjorden. Det såg ut til at vegen var våt, men det var is, åtvarar ho andre medbilistar.

NRK har også blitt kontakta av ein bilist som tok turen mellom Sande og Førde på E39 like før klokka 07. Også her var det svært glatt.

– Det er 0 grader og veldig glatt, er meldinga frå bilistar som oppmodar folk om å vere forsiktige.

Også mellom Dale i Sunnfjord og Vassenden i Jølster var det glatt i morgontimane, skriv ein lyttar til NRK på tektsmelding.

– Nattefrost heile veka

På Vegtrafikksentralen i Lærdal har vaktoperatør Roger Nedberge Hille fått fleire meldingar om glatt veg mellom Førde og Naustdal på riksveg 5.

Elles har det til no ikkje kome meldingar får andre kantar i fylket. Men det betyr ikkje at det ikkje er glatt andre stader.

– Det er meldt om nattefrost kvar natt denne veka, så mannskap er ute over alt, seier Nedberge Hille til NRK.no tidleg måndag morgon.

– Ta det med ro

Han seier det er verst mellom klokka 07 og 08 om morgonane, for då er det kaldast.

– Så folk bør vere litt ekstra obs på dette i dagane framover. Mi oppfordring til bilistane er at dei må ta det med ro, og meld frå til oss om glatte vegar, seier han.

Elin Hauge frå Naustdal er heilt klar i sin tale til andre medtrafikantar. På vegen frå Naustdal til Førde såg ho tydeleg at trafikken var prega av føreforholda.

– Det var mange som køyrde seint i dag, men folk må vere forsiktige. Om ikkje kan det skje ska, seier ho.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.