Åtvaringa, som hittil har fått lita merksemd, gjeld spesielt søknadar som no er til behandling om deponering av opptil fire millionar tonn gruveavfall årleg i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, og opptil ni millionar tonn årleg i Bøkfjorden ved Kirkenes i Finnmark.
Havforskingsinstituttet uttrykkjer også uro for at Titania AS i Sokndal i Rogaland kan kome til å gjere framstøyt for å ta opp att den svært omstridde deponeringa av gruveavfall i Dyngadjupet utanfor Jøssingfjord.
Ikkje rådspurt
Åtvaringa frå Havforskingsinstituttet vart satt fram i fjor haust dels i høyringsuttale om dei to aktuelle sakene for Førdefjorden og Bøkfjorden, og dels i eit kritisk brev til Fiskeri og kystdepartementet (FKD).
I brevet til departementet blir det retta kritikk mot Statens Forurensningstilsyn (SFT) for mangel på konsekvensutgreiing av utsleppet til Bøkfjorden, og fordi Havforskingsinstituttet og sentrale fiskerstyresmakter ikkje automatisk blir rådspurt eller orientert i slike store miljøsaker med klar relevans for ressursforvaltninga.
Ressursgruppe
Dei sterke reaksjonane frå Havforskingsinstituttet førte til at Fiskeridepartementet i desember tok eit initiativ overfor Miljøverndepartementet for å få diskutert dei prinsipielle sidene ved bruk av fjordar som avfallsplass for gruveavfall.
Dette har medverka til at SFT no er i ferd med å opprette ei ressursgruppe for bergverk og miljø.
Gruppa si første oppgåve skal vere å lage ein rapport om kunnskapsstatus for deponering av avfall i sjøen, innsjøar og dammar og i landdeponi, går det fram av framlegget til mandat.
Nasjonale laksefjordar
Havforskingsinstituttet peikar på at Bøkfjorden er peika ut som ein nasjonal laksefjord, og er eitt av kjerneområda for kongekrabben, som er definert som ein marin ressurs i dette området.
Også Førdefjorden har status som nasjonal laksefjord, og deponering av gruveavfall kan etter Havforskingsinstituttets meining få negative følgjer både for laksen, for rekefeltet i ytre del av fjorden, og for ål, kysttorsk og andre fiskeartar.
Ikkje berekraftig
Søknaden om deponering av gruveavfall i Førdefjorden har samanheng med planane til Nordic Mining ASA om å starte utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet ved bygda Vevring i Naustdal kommune.
Gruveselskapet søkjer om å få sleppe ut opptil fire millionar tonn per år dei første 10-15 år, og deretter opptil seks millionar tonn årleg. Ved utsleppsstaden reknar ein med at djupna i fjorden blir redusert frå 300 meter til kring 150 meter.
Havforskingsinstituttet frårå at det vert gjeve løyve til utslepp, og skriv at eit fjorddeponi i Førdefjorden ikkje representerer ein berekraftig bruk av fjorden.
Uttalen om Bøkfjroden gjeld ein søknad om auka utslepp frå Sydvaranger Gruve AS, som allereie har løyve til å sleppe ut opptil fire millionar tonn gruveavfall. Her vil selskapet auke utsleppet til ni millionar tonn.
Havforskingsinstituttet frårår at søknaden blir teken til følgje, og ber i tillegg SFT om alvorleg å vurdere ei tilbakemelding av utsleppsløyve som allereie er gjeve.