NRK Meny
Normal

Åtvarar mot for mange utgreiingar

Fylkesmann Anne Karin Hamre åtvarar kommunane mot å starte for mange utgreiingar av kommunesamanslåingar.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

BER KOMMUNANE AVGRENSE ALTERNATIVA: Fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange kommunar greier ut svært mange alternativ som går i mange retningar.

– Vi har gitt kommunane veldig tydlege signal på at det ikkje er realistisk og at det blir altfor omfattande. Då kjem ein ikkje mål.

Regjeringa ønskjer færre norske kommunar. Kommunane har sett i gong arbeidet. Nokre stretar i mot, andre er komne langt. Her i fylket er det samarbeidskommunane i Sunnfjord som er komne lengst, medan kommunane i Indre Sogn ligg noko etter.

Kommunestyre etter kommunestyre vedtek no alternativa som dei vil bruke pengar på å greie ut. Men dei fleste held mange alternativ opne, alternativ som går på kryss av regionar og fylkesgrenser.

No hastar det

Bak spøker det nasjonale fristar som seier at innan juni 2016 skal kommunane ha gjort vedtaket om samanslåing.

– Det er berre litt over eitt år til.

Kva risikerer kommunen som ikkje følger det tidsløpet som det er lagt opp til?

– Ein risikerer jo å ende opp med noko som ikkje gagnar innbyggarane. No skjer det mange endringar rundt oss på næringssida, når det gjeld statlege arbeidsplassar og det er varsla endringar på inntektssida til kommunane. Difor er det er utruleg viktig at kommunane set seg ned og vurderer konsekvensane av å stå åleine framover.

Involvere innbyggarane

Hamre er oppteken av at kommunane og må involvere innbyggarane. Det har vore diskusjon blant politikarane, men elles er det stille i samfunnet rundt.

– Det som no er viktig er å få dette ut. Kva ynskjer næringslivet, og kva tenker innbyggarane om kommunesamanslåing.

Ein del kommunar har allereie varsla at dei planlegg folkemøte og folkerøystingar om spørsmålet.

– Ikkje minst med tanke på at tidshorisonten er så kort så er det viktig å få innbyggarane i tale.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser