NRK Meny

Åtvarar mot flaum og skredfare

På grunn av mykje regn varslar NVE om at det er fare for jord- og flaumskred. Ytre delar av Sogn og Fjordane er mest utsett. Frå fredag ettermiddag til midt på dagen laurdag er det venta opp mot 100 mm nedbør. Bratte skråningar, bekkar og elveløp er spesielt utsett og folk bør reinse stikkrenner og dreneringsvegar.