NRK Meny

Åtvarar mot Fjord1-sal

Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest åtvarar fylkespolitikarane mot Fjord1-salet det no blir lagt opp til. Til Firda seier han at det han har sett av saka er underleg og lite tillitvekkande. Også adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, er skeptisk. Fylkesrådmann Tore Eriksen seier at dei er i ein prosess der det ligg bod på bordet. – Behandlar vi ikkje Fjord1-saka no, gjeld ikkje boda lenger, seier Eriksen.